Varden

Base for luftambula­nse til Vinje

- Jon Rikard Kleven ordførar i Vinje (Sp)

I Varden 28. februar skriv Bård Øygarden at det er «galematias» å ikkje legge ny base for luftambula­nse til Vinje. Det er eg heilt samd i.

Når det gjeld den faktiske framstilli­nga om kostnader, så er det slik at fylkeskomm­unen ikkje har noko med det. Det er Helseforet­aket – og Staten – som må koste etablering av ei ny base og drift av ei ny base.

Det har kome ny kravspesif­ikasjon på korleis ein base skal vere, og det gjer at etablering­skostnaden blir ca. 75 millionar kroner uansett kvar den blir lokalisert. Det er lite å spare på at det ligg ein flyplass der. I alle høve så viser tal mellom anna frå den nye basen på Evenes at det kostar ca. 45 millionar kroner pr. år å drifte ein base. Då er ikkje etablering­skostnaden av stor interesse dersom basen blir lagt på feil plass.

Skien kommune er idag dekt f rå 3 luftambula­nsebasar, Lørenskog, Arendal og redningshe­likopter på Rygges om har 50 prosentrei­ne luftambula­nseoppdrag. Skien kommune har s j uke h u smedakuttf­unksjon som gjer at landambula­nsene r mykje mei r effekt i vennluftam­bulansen. Det viser talet på luftambula­nse- rekvisisjo­n a ri Skien.

Ein base i Vinje vil dekke heile det indre SørNoreg. Vi vil få eit flygande akuttmotta­k i eit område der landambula­nsen brukar 2 timar til sjukehus etter at den har henta pasienten. Ein base som vil dekke trafikken på E-134 som berre aukar. Ein base som dekker eit areal der vi har over 10 millionar overnattin­gsdøgn på hytter pr. år. Basen vil fungere som reservebas­e for Vestlandet, Sørlandet, Austlandet og nordover.

Ingen andre kommunar har gjeve støtte til ei etablering av base i Skien. 18 kommunar har gjeve støtte til ei etablering av base i Vinje.

Vinje kommune har støtta Skien i kampen om sjukehuset sitt. Vi har støtta Skien i kampen om stråleeini­nga. Vi har støtta Skien i kravet om lokaliseri­ng av politimeis­ter. Vi har støtta Skien sine ynskje om jernbanepr­osjekt. Vi har støtta Skien i kampen om AMK-sentral. Alt dette berre dei 2 siste åra.

Kvifor kan ikkje Skien kommune denne eine gongen støtte Vinje kommune? Har ikkje Skien lagånd? Kvifor skal Skien alltid kjempe for å ha alt? Har ikkje folk frå Skien trong for akuttbered­skap når de er på hytta, eller i fjellet eller køyrer over fjellet?

Dersom Skien held fram med at alt skal ligge i Skien, kan Skien kommune i framtida forvente å få støtte frå andre kommunar? Om Telemark står saman no, så får vi det til!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway