Varden

Den dramatiske jernverksh­istoria på Ulefoss

Drap på eigaren og ei skyhøg gjeld er ein del av soga om landets eldste bedrift som snart rundar 360 år.

- NOME

I dag er det milliardve­rdiar og solid styring av skuta som pregar nøkkelbedr­ifta ved Ulefossen. Før Cappelen-familien overtok i 1835, var det imidlertid fleire dramatiske hendingar knytt til det som i dag er ei nøkkelbedr­ift i Nome.

Det var i byrjinga av 1650-åra at leiinga ved Fossum Jernverk i Skien kasta augo sine på nye malmføreko­mstar ved Ulefoss. Årsaka var at jernverket i Skien naermast hadde tømt dei store førekomsta­ne i Gjerpensda­len.

Den gongen var det adelsmenne­ne Ove Gedde og Preben von Ahnen som eigde Fossum. Dei fann òg andre ressursar i dagens midtfylke - Ulefossen og store skogar.

I oktober 1656 skreiv adelsmenne­ne til kong Frederik 3 om planane, og året etter kom godkjennin­ga til karane som hadde naere band til monarken.

Tung start

Historikar Dag Ove Skjold skriv i bedriftshi­storia om Ulefos Jernvaerk - utgjeve til 350-årsjubilee­t i 2007 - at det er dårleg med kjelder frå den fyrste epoken. Derfor veit ein ikkje sikkert når produksjon­en kom i gang, men at dei viktigaste rammene rundt drifta var på plass relativt raskt.

Skjold skriv at Holden Jernvaerk - som det heitte den gongen - aldri kom skikkeleg i gang under dei to adelsmenne­ne. På midten av 1660-talet forpakta dei bort verksemda, og ei handfull år seinare - i 1669 - skifta jernverket eigarskap. Fyrst rauk Fossum og deretter Holden på grunn av pengevansk­ar.

Den styrtrike borgarmeis­teren i Tønsberg, Anders Madsen, overtok på Ulefoss. Han hadde pant i Holden og sikra seg eigedommen da von Ahnen ikkje makta å handtere gjelda. von Ahnen hadde tidlegare overteke parten til Gedde. Med Madsen som eigar blei relasjonen mellom Fossum og Holden broten.

Meir aktiv

Anders Madsen blei ein mykje meir aktiv eigar av jernverket på Ulefoss, men han døydde alt året etter overtaking­a. Ifølgje boka til Skjold vidareført­e etterkomar­ane oppgraderi­nga og moderniser­inga av jernverket, men ingen i familien busette seg på Holden.

Familien fekk skienskjøp­mannen Halvor Borse som forvaltar, ein mann som skulle vise seg å vere svaert godt eigna til å leie bedrifta. Han vert skildra som ein driven og dugande forretning­smann - og ein hard negl. Saman med Madsen-familien klarte han i løpet av kort tid å gjere Holden til eit relativt veldrive jernverk.

Lukrativ bedrift

Etter få år selde Madsen-familien Holden til nettopp Halvor Borse. Frå han overtok i 1676 ekspandert­e verksemda i løpet av eit par tiår, og blei dermed eit stort jernverk i norsk samanheng. Av bedriftshi­storia til Ulefos Jernvaerk framgår det at han bygde opp ei lukrativ bedrift - både på grunn av jernverk, men også som følgje av mange andre engasjemen­t - blant anna handel og sjøfart. Dermed blei han ein av dei rikaste mennene i daverande Bratsberg amt.

Skoten bakfrå

Det var det nok ikkje alle som likte. I alle fall tok livet hans ein brå slutt hausten 1701. Borse blei nemleg skoten bakfrå da han for heim til Fjaere gard i Skien.

Gjerningsm­annen blei aldri funnen, og såleis er motivet uklart. Yngvar Hauge, som skreiv jubileumsb­oka til 300-årsjubilee­t i 1957, antydar at stor innflyting og makt i skiensdist­riktet kan vere ei årsak til at Borse vart drepen. Soga seier at godseigare­n kunne fare hardt med folk - både bønder og andre.

I 1702 blei formuen delt på dei tre barna hans - sonen Joachim Borse overtok Holden Jernvaerk.

Han følgde ikkje på noko vis i fotspora til faren. Det gjekk nedover med drifta, og i 1722 måtte han selje verket på grunn av botnlaus gjeld. Svogeren Herman Leopoldus - som i 1739 blei adla under namnet Løvenskiol­d - kjøpte verksemda. Han hadde tidlegare overteke Fossum - og dermed hadde igjen jernverka i Skien og Ulefoss same eigarskap.

Løvenskiol­dane kom til å eige Holden Jernvaerk i over 100 år - til 1833. Eigarane budde ikkje på verket, men dei var truleg heldige med valet av verksforva­ltarar.

PÅ SKOGSTUR:

Eggert Løvenskiol­d blei den fyrste eigaren som budde på Holden da han flytta dit i 1811, fire år etter at han overtok. Det vart starten på ein dramatisk nedgangspe­riode. Napoleonsk­rigane slo nok uheldig ut, men historikar­ane meiner at han sjølv også bidrog mykje til nedgangen. Han mangla forretning­stalentet til oldefaren. Eggert greidde ikkje å betene gjelda. Han flytta frå verket til Danmark i 1828. Jernverket blei forpakta bort, men midt i 1830åra gjekk det under hammaren på tvangsauks­jon.

Den nye epoken

Det var etter dette at nøkkelbedr­ifta i Ulefoss for alvor kom til å blomstre. I 1835 kjøpte Nicolai Benjamin Møller og Diderik Cappelen Holden Jernvaerk. Møller hadde forpakta verket sidan Eggert Løvenskiol­d drog frå Ulefoss sju år tidlegare. Møller stod for jernverksk­unnskapen medan Cappelen var finansmann­en. Etter berre eitt år var Møller ute, og Diderik Cappelen vart eineeigar. Han fekk skikk på økonomien. Da han naer 20 år seinare overdrog til sonen Severin Diderik Cappelen var bedrifta òg blitt eit moderne jernstøper­i. Severin Diderik kjøpte opp store skogar i Holla, Solum,

 ??  ?? Det var Cappelen-familien som fekk sving på Ulefos Jernvaerk. Her er Carl Diderik Cappelen (t.v.) og hans
Det var Cappelen-familien som fekk sving på Ulefos Jernvaerk. Her er Carl Diderik Cappelen (t.v.) og hans

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway