Varden

Frå Mexico til Eidsborg

Montserrat Ontiveros er ei kjend filmstjern­e frå Mexico. No søkjer ho seg til Teater Ibsen.

- VINJE Halvor Ulvenes

Montserrat Ontiveros er superkjend­is i heimlandet Mexico. No bur ho i Eidsborg.

56-åringen flytta til Telemark saman med mannen Juan Gutiérrez-Maupomé for sju år sidan. Han ville til Telemark på grunn av beundringa for Tarjei Vesaas.

– Det var hans draum å kome hit, men eg har det veldig bra, seier Montserrat, som bur saman med Juan i Eidsborg.

No er laeraren ved kulturskul­en i Vinje ein av søkjarane på stilling som skodespela­r ved Teater Ibsen i Skien.

Hadde Ibsen-rolle

Og Montserrat kan sin Ibsen. Ho spela Ellida Wangel i «Fruen fra Havet». Ho har vidare spela i minst 20 teaterstyk­ke, fem spelefilma­r og fleire kortfilmar. Blant hovudrolle­ne er Camille, eller Skulpturen­s historie fra Rodin til i dag og «Fruen fra Havet», av Henrik Ibsen. I Noreg har hun framført til dømes «Leve hemmeleg», av Jon Fosse og «Reiser med min Tante», sceneunder­haldning basert på dikt og tekstar av mellom andre Henrik Ibsen, Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge. Ho har arbeidd både med privat og offentleg

fjernsyn. Montserrat spela hovudrolle i 17 såpeoperae­r og meir enn 37 seriar og enkeltprog­ram. Hun blei og valt til å leie den meksikansk­e TV-utgåva av spørjeprog­rammet «Det Svakeste Ledd» frå 2003 til 2009.

Kjend over alt

Det var gjennom TV at det tok skikkeleg av.

– Folk kjende meg igjen over alt, og derfor blei det siste året slitsamt. Folk trudde eg var veldig rik, så eg vart redd for barna våre. Eg hadde aldri trudd eg skulle bli så berømt. Sju år etter eg flytta får eg framleis brev frå folk i heimlandet som hugsar meg. Det er rørande, seier skodespela­ren som underviser i drama ved Vinje kulturskul­e.

– Me vil bli like populaere som Montserrat, seier elevane Torjus Mondal Ljostad, Ane Slåtta og Frøy Langård Skarprud. Dei sprudlar saman med laeraren i Vinjehuset.

– Ho er ein veldig ressurs for oss. Alle i Mexico kjenner Montserrat, så da det kom ein meksikanar til Vinje nekta vedkomande å tru at denne kjendisen hadde flytta til Telemark, seier kultursjef Signe Marie Kittelsaa.

Sjølv er Montserrat for tida på farten med ein monolog på tre kvarter, basert på tekstar av Jon Fosse. Den er alt vist i Porsgrunn og blir framført i Vinje 23. mars og Tokke 31. mars. halvor.ulvenes@varden.no

 ??  ?? TRIVST GODT:
Montserrat Ontiverso trivst svaert godt i Vest-Telemark, med buplass i Tokke og jobb i Vinje.
TRIVST GODT: Montserrat Ontiverso trivst svaert godt i Vest-Telemark, med buplass i Tokke og jobb i Vinje.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway