Varden

Nei til øl og vin

Berre Høgre sa ja til øl og vin i Bø Sommarland på St. Hanseftan.

- BØ

Søknaden var oppe i formannska­pet måndag. Bakgrunnen er at 23. juni er det storstilt feiring i Bø med direkte fjernsynso­verføring på TV2.

Ja frå rådmannen

Rådmannen sa ja til slik skjenking, og grunnga dette med at arrangemen­tet/showet skjer på eit avgrensa område i samband med skifestiva­len og Telemarks-veka som skal sendast på TV2. Det er venta rundt 5.000 menneske på showet. Rådmannen kunne avgjort saka åleine, men valte å bringe det prinsipiel­le spørsmålet inn for formannska­pet.

Få problem

I ordskiftet fekk rådmannen berre støtte av Høgres Asbjørn Botnen, som meiner at dette er kurant fordi vakthaldet er bra og parken elles er stengt denne kvelden. Botnen viste til at søknaden gjeld eit enkelt arrangemen­t frå klokka 18-22.30. Ifølgje Botnen er det fyrst ved sein skjenking at det oppstår vanskar.

Uheldig symboleffe­kt

Ordførar Olav Kasland (V) peika på at slik servering kan gje uheldig signaleffe­kt i og med at det er direkte TV. Kasland frykta derfor at folk rundt om i landet kan få inntrykk av at alkohol er ein del av tilbodet i familiepar­ken.

Han fekk støtte av Glenn Isaksen (Ap) som sa at dersom fulle folk ravar rundt, så kjem det på TV. Partifelle Karin Hagen var klar på at det ikkje bør vere alkohol i ein park med barn og ungdom. Ho understrek­a det heller ikkje var noko sterkt ønske frå Sommarland sjølv om å få dette løyvet.

Varaordfør­ar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) viste til at det blir servert alkohol på liknande arrangemen­t i sentrum. Han var oppteken av like vilkår, men ved voteringa slutta Kaasa seg til fleirtalet.

Landa på nei

Bergit Askildt Myrjord (V) synest saka er vanskeleg, men landa på eit nei til alkohol i bygdas største turistattr­aksjon. Ikkje uventa gjekk KrF-representa­nten Kristin Digranes Bøen imot slik servering.

 ?? ARKIVFOTO ?? FAMILIEPAR­K: Politikara­ne i Bø vil ikkje ha alkohol på opne arrangemen­t i Sommarland.
ARKIVFOTO FAMILIEPAR­K: Politikara­ne i Bø vil ikkje ha alkohol på opne arrangemen­t i Sommarland.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FOR OG MOT: Asbjørn Botnen (H) sa ja medan Kristin Digranes Bøen (KrF) røysta nei.
FOTO: HALVOR ULVENES FOR OG MOT: Asbjørn Botnen (H) sa ja medan Kristin Digranes Bøen (KrF) røysta nei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway