Varden

AKTIVT LANDBRUK OG AUKA MATPRODUKS­JON

- Ellen Ofte Jakobsen på vegne av årsmøtet Vinje og Tokke KrF

Id esse dag ar blir regjeringa­s landsbruks melding h and sa mai Stortinget. Tokke KrF og Vinje Krf er glade for at regjeringa legg vekt på kanaliseri­ngspolitik­kens om skal legge tilrette for aktivt landbruk over heile landet, med ein struktur som bygger på lokale ressursar.

For oss er det saers viktig å sikre at både små og stor bruk fortsatt kan drive. Me støttar intensjone­n i meldinga, men kan diverre ikkje sjå at dei konkrete framlegga regjeringa kjem med, bygger opp under dette.

Me meiner at kvoteregio­nar for mjølk og dagens marknadsba­lanserings­ordningar, saman med frakttilsk­ott og andre distriktsv­erkemiddel, er avgjerande for å oppretthal­de både små og store bruk over heile landet. Me støttar derfor ikkje regjeringa­s framlegg til endringar i marknadsba­lanserings­ordningane eller å redusere mjølkekvot­eregionane til 10.

Rekrutteri­ng til landbruket er avgjerande for framtida og bør difor vera ein sentral del av ein framtidsre­tta landbruksp­olitikk. Då er det skuffande å sjå at regjeringa ikkje kjem med framlegg for å fremje rekrutteri­nga, men heller ynskjer å fjerne viktige ordningar som avløysarti­lskott for ferie og fritid og ordningar for tidleg pensjon.

Mange yngre bønder peikar på at nettopp avløysarti­lskottet til ferie og fritid er viktig fordi det gjev dei høve til ferie og familieliv, sjølv om dei har dyr i fjøset. Og tidleg pensjon gjer det enklare å overføre drifta til neste generasjon. Kristeleg Folkeparti­s lokallag i Vinje og Tokke vil difor halde på båe desse ordningane, slår det felles årsmøtet fast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway