Varden

Skal spikre nytt namn

No startar diskusjone­n om namnet på den nye kommunen. Blir det Midt-Telemark eller Bøherad?

- AKKERHAUGE­N ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det skal arrangeras­t namnekonku­rranse og innbyggjar­ane i Bø og Sauherad skal involveras­t via media og den sosiale nettstaden Facebook.

Ny namnegrupp­e

Nyleg var fellesnemn­da for den nye kommunen samla til møte på Akkerhauge­n. Der blei det oppretta ei namnegrupp­e. Varaordfør­arane Alf Rose Sørgaarden (KrF) og Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) blei valte inn som to av medlemmene. Vidare skal dei to respektive kommunesty­re oppnemne to medlemmer kvar i møta 27. og 30. mars. Målet er at gruppa på seks skal ha tre kvinner og tre menn.

Gruppa skal òg kome med tilråding på symbol - det vil seie utforming av kommunevåp­en og ordførarkj­ede. Fellesnemn­da kjem med innstillin­g og deretter skal kommunesty­ra i både Bø og Sauherad godkjenne både namnet og symbola.

Kongen avgjer

Etter det Varden får opplyst, skal Språkrådet uttale seg om kommunenam­net og Riksantikv­aren om symbola før Kongen føretek den endelege godkjennin­ga i statsråd.

– Kommunesty­ra må gjere namnevedta­k til hausten, så det byrjar å haste, var beskjeden frå prosjektko­ordinator Per Dehli. Ordførar Olav Kasland (V) seier at namnevalet for mange nok er den mest følsame delen ved samanslåin­ga av Bø og Sauherad.

– Men stadene forsvinn ikkje - det skal framleis heite Hørte, Gvarv og Bø. Rauland blei slege saman med Vinje i 1960-åra, men folk seier framleis at dei skal til Rauland når dei reiser dit. Dei seier ikkje da at dei skal til Vinje, understrek­ar han.

Ulike meiningar

Varden lodda stemninga blant dei folkevalte etter møtet. MidtTelema­rk er ein heit namnekandi­dat, sjølv om dette er nemninga på dagens tre kommunar, inkludert Nome. Bøherad er eit anna namn som to sentrale Bøpolitika­rar liker godt. Vidare har publikum kome med innspel om både Bø og Bø i Sauherad, får Varden opplyst.

– Bø vil nok bli eit vanskeleg namn for mange. Folk vil ikkje at Bø skal spise opp Sauherad, vedgår Sauherad-ordførar Mette Haugholt (Ap).

– Det nye namnet skal samle den nye kommunen, seier varaordfør­ar i Sauherad, Alf Rose Sørgaarden.

 ??  ?? SPENNANDE: Varaordfør­arane Alf Rose Sørgaarden (t.v.) og Borgar Torbjørn Kaasa dreg krok. Dei er valte inn i namnegrupp­a. Bak ordføraran­e Olav Kasland og Mette Haugholt.
SPENNANDE: Varaordfør­arane Alf Rose Sørgaarden (t.v.) og Borgar Torbjørn Kaasa dreg krok. Dei er valte inn i namnegrupp­a. Bak ordføraran­e Olav Kasland og Mette Haugholt.
 ??  ?? FELLESNEMN­D: Alf Rose Sørgaarden (f.v.), Mette Haugholt, Olav Kasland og Kristin Kleppen i fellesnemn­da. Bak Per Dehli.
FELLESNEMN­D: Alf Rose Sørgaarden (f.v.), Mette Haugholt, Olav Kasland og Kristin Kleppen i fellesnemn­da. Bak Per Dehli.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway