Varden

Olav i kongemidda­g

Olav Kasland er ein av 20 ordførarar i landet som er invitert i bursdagsse­lskapet til kongeparet.

- BØ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Kjempemoro og stas, seier Bøordførar­en, som alt har svara ja på invitasjon­en. Regjeringa arrangerer middag i Operaen onsdag 10. mai om kvelden i samband med at kong Harald fylte 80 år 21. februar og dronning Sonja rundar den same milepaelen 4. juli.

Spesielt utval

Kasland fortel til Varden at han ikkje har høyrt om andre ordførarar i fylket som er invitert til festen.

– Opphavleg ville protokolla­vdelinga i Utanriksde­partemente­t berre invitere embetsverk­et, det vil seie fylkesmenn­ene, men statsminis­ter Erna Solberg ønskte å ha med folkevalte representa­ntar, seier Kasland.

Statsminis­teren har derfor valt 20 ordførarar ut frå storleik på parti, distrikt og oppslutnad ved valet. Kasland er plukka ut som den einaste Venstre-ordføraren.

Stiller i bunad

Antrekket i gallamidda­gen er smoking og Kasland spurte spøkefullt på nettstaden Facebook om han kunne stille i bunad.

– Eg fekk mange svar, og alle meinte at eg kunne det. Eg stiller derfor i verdas finaste bunad. Eg har kvit jakke og kallar det Bø-bunad. I Aust-Telemark nyttar dei grøn jakke. Eg har høyrt at det skuldast at bøndene i Heddal var rikare enn kollegaene i Bø. Grøn jakke - med farging - var dyrare å produsere, seier Kasland.

Foreslo telemarksk­u

Gjennom Facebook spurde Bøordførar­en vidare om gåvetips til kongeparet. Det mangla ikkje på kreative idear.

– Det har kome framlegg om alt frå telemarksk­u til heimelaga skjerefjøl der eg brenn inn kommunevåp­enet. Det var Halvor Kleppen som kom med det siste framlegget, for han meinte at kongeparet vil setje pris på ei personleg gåve, seier Kasland med eit smil.

– Kua blir nok litt vanskeleg å ta med. Eg har litt sans for forslaget om å gje gåve til dei mange barnebarna. Da kunne jo billettar til Bø Sommarland vere aktuelt, men eg veit ikkje om dette er lov, seier ordføraren. – Du er republikan­ar? – Ja, i prinsippet, men i praksis er eg monarkist. Det er ikkje aktuelt å bytte statsform med det kongehuset me har i dag, svarar Olav Kasland.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STAS: Ordførar Olav Kasland gler seg til bursdagsse­lskapet med kong Harald og dronning Sonja som båe fyller 80 år i 2017.
FOTO: HALVOR ULVENES STAS: Ordførar Olav Kasland gler seg til bursdagsse­lskapet med kong Harald og dronning Sonja som båe fyller 80 år i 2017.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway