Varden

Eit stamveghav­ari frå Høgre og Regjeringa

- Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset, Nicolai Østhus Vegforum Øst–Vest

Når Statens Vegvesen (SVV) i 2014 sette i gong utgreiinga­ne av aust-vestsamban­da, var målsetting­a å identifise­re det beste sambandet. No har Høgre sytt for at vi berre sit att med politiske prioriteri­ngar som er vorten ein karikatur.

Intensjone­n var at ein i framtida skulle satse ein monaleg større del av veginveste­ringane på det beste alternativ­et for å få etablert eit raskt, effektivt, miljøvenle­g og framtidsre­tta samband, i motsetnad til å spre investerin­gane på mange «mindre» samband som i dag. Når SVV i

januar 2015 la fram sine tilrådinga­r, viste Haukeli-alternativ­et (E134) seg, ikkje uventa, å vera det desidert beste sambandet med ei samfunnsøk­onomisk lønnsemd, inkl. arm til Bergen, på 26 mrd. kr.

den føresetnad­en til grunn at armen til Bergen ikkje skulle utgreiiast, noko som innebar at lønnsemda ved Haukeli-alternativ­et (E134) vert halvert. Dette vart gjort etter press frå Bergensmil­jøet for ikkje å svekke trafikkgru­nnlaget for RV7.

Når Regjeringa, med Høgre i spissen, 20. mars 2017, kunngjorde at «alle» aust-vestsamban­da (E16, RV 7, RV 52) skal prioritera­st, er dei opphavelig­e planane om etablering av eit høgkvalite­tsamband, havarert.

Etter omfattande og gode faglege prosessar gjennom austvestut­greiingane må Vegforum Øst-Vest konstatere at vi berre sit att med politiske prioriteri­ngar som er vorten ein karikatur.

Det mest alvorlege med dei vedtaka som ligg føre, er imidlertid at Regjeringa (Høgre) har blokkert ei utgreiing av armen til Bergen, som i kombinasjo­n med planane for E134, ville blitt det mest lønnsame vegprosjek­tet i Noreg. Når «alle» aust-vestsamban­d no skal prioritera­st, vil det sjølvsagt bli langt vanskelega­re i tida framover å få til ein god progresjon i arbeidet med E134, samstundes som samfunnet må gje avkall på dei verdiar som E134 represente­rer for samfunnet.

Til samanlikni­ng ville alternativ­a over Hardangerv­idda (RV 7) og Hemsedal (RV 52) ha ei samfunnsøk­onomisk lønsemd på høvesvis minus 12 og minus 14 mrd. kr, dvs. ein skilnad på høvesvis 38 og 40 mrd. kr. SVV sine tilrådinga­r er seinare kvalitetss­ikra av eksterne konsulenta­r som har slutta seg til SVV sine konklusjon­ar.

På bakgrunn av aust-vestutgrei­ingane var det ikkje til å unngå at Regjeringa måtte velge E134 som eitt av hovudsamba­nda mellom Austlandet og Vestlandet. Men Regjeringa la samstundes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway