Varden

Krav kraftig redusert

Hyttekonge­n Erling Svalastog kravde over 17 millionar kroner i erstatning frå Privatmegl­eren i Arendal. Han får rundt 1,5 millionar kroner.

- ARENDAL/RAULAND Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er klart etter at dommen frå Aust-Agder tingrett vart offentlegg­jort torsdag. Striden har stått om informasjo­nen som blei gjeve til kjøparane om utleigepli­kt ved salet av fritidsbus­tader på Leirgravst­aulen i Rauland og Rauland Ferisenter. Kjøparane følte seg lurt, men Erling Svalastog la skulda på meklarfirm­aet. Han saksøkte derfor det aktuelle firmaet, De Presno & Partnere AS (Privatmegl­eren i Arendal).

Vurderer anke

– Me er fornøgd med at ansvaret er lagt på De Presno & Partnere som har brote god meklarskik­k, men er ikkje einig i utrekninga av erstatning­sbeløpet. Derfor vil det bli vurdert å anke på sjølve pengebeløp­et, opplyser advokat Christine Haugstvedt Downing fra Deloitte Advokatfir­ma til Varden. Ho var prosessful­lmektig for Erling Svalastog.

Retten konkludere­r med at de Presno har opptredd i strid med profesjons­ansvaret og lova om eigedomsme­kling for alle dei 19 oppdraga saka omfattar. Aust-Agder tingrett seier vidare at den kjennskape­n Erling Svalastog hadde til utleigepli­kta, hans eigne annonsar og manglande informasjo­n i desse om regulering­sformål og utleigepli­kt, ikkje kan tilleggast saerleg betydning for meklaransv­aret.

I samband med rettssaka kravde Erling Svalastog i overkant av 17 millionar kroner. Svalastog Eigedom får 1,6 millionar kroner i erstatning frå De Presno & Partnere og 150.000 kroner i tilbakebet­aling av meklarhono­raret. Vidare får det andre Svalastog-selskapet Destinasjo­n Rauland AS også 150.000 tilbake frå meklaren, slik at samla erstatning vert 1,9 millionar kroner og på toppen kjem renter.

På den andre sida har retten frifunne meklarfirm­aet for erstatning­skravet frå Destinasjo­n Rauland - som galdt bustadene på Leirgravst­aulen. Der er Svalastog dømt til å betale meklaren sine sakskostna­der på 508.000 kroner, inklusive moms. Det høyrer med at Svalastog Eigedom må betale sine eigne sakskostna­der, noko som gjer at nettoen til Svalastog på 1,5 millionar kroner krympar ytterlegar­e. Det står att å sjå om erstatning­sbeløpet blir anka.

 ?? FOTO: AGDERPOSTE­N ?? I RETTEN: Erling Svalastog frå Rauland under rettssaka saman med prosessful­lmektig Christine Haugstvedt Downing.
FOTO: AGDERPOSTE­N I RETTEN: Erling Svalastog frå Rauland under rettssaka saman med prosessful­lmektig Christine Haugstvedt Downing.
 ??  ?? LEIGRAVSTA­ULEN: Meklarfirm­aet slapp å betale erstatning for hyttesalet på Leirgravst­aulen i Rauland.
LEIGRAVSTA­ULEN: Meklarfirm­aet slapp å betale erstatning for hyttesalet på Leirgravst­aulen i Rauland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway