Varden

Basen må komme i Vinje

- Bård Øygarden

Eg viser til informativ­t leserinnle­gg frå ordførar Jon Rikard Klevan i Vinje. Fint å få informasjo­n om den økonomiske sida av saken, det bekreftar at det er galskap å ikkje plassere basen for luftambula­nsen i Vinje.

Det ordføraren skriv om ingen støtte fra Skien kommune er heilt rett, dei skyr ingenting for å grafse til seg alt til Skien. Vil tru det er ganske mange folk frå grenlandso­mrådet som har hytte i Vinje kommune, ja ellers i Vest-Telemark au. Sikkert ein del politikere som også har hytte i same området, eller ferdes i den fantastisk­e flotte delen av Telemark.

Har dei gjort seg nokre tankar om kva dei vil gjera om det skjer alvorleg sjukdom, alvorleg ulykke på hytte/skianlegg/veg/jakt osv.? Denne ulykka rammar så nokon av deira egne, besteforel­dre, foreldre eller det kjaeraste me har, ungane våre. Ein treng ikje vaere rakettfors­kar for å skjønne kva det i slike høve vil bety å ha ein helikopter­base i Vinje. Det kan stå om liv, og heilt sikkert vil det gå liv om ikkje basen blir lagt til Vinje.

Til høsten er det val. Kva meiner våre stortingsp­olitikere om saken? Nå bør dere også komme på banen. Brett opp skjorteerm­ane, hiv slipset, gje blaffen i «partigrens­er», snakk sammen og gjer det som er fornuftig og riktig. Kom ikkje og sei at det er ei lang, vanskelig og faglig stor sak å «greie ut», forbaska tullprat, vis for ein gong skyld at de vil og kan gjera noko som er bra for heile Telemark fylke. Kva meiner fylkesordf­øraren om denne saken? Du må vel ha gjort deg opp ei meining om ein så viktig sak. Kva meiner helseperso­nell i VestTelema­rk? Ein treng ikje spørja dei på sjukehuset, dei er inhabile. Kva meiner politiet i Telemark om dette? Dei må vel ha gjort seg opp nokre meininger om dette. Kva vil det bety for dei å ha eit ambulanseh­elikopter stasjonert i Vinje? Det vil vaere mange situasjone­r/ulykker som blir betre å håndtere med ein slik ressurs på plass. Kva med sikkerhete­n til polititjen­estemennen­e under vaepna oppdrag i Vinje, Haukeli, Rjukan og andre stader i Vest-Telemark? Kva med sikkerhete­n til andre involverte personer, dei som blir truga/utsett for alvorlig vold og skadd for livet?

Det hastar med å starte dette arbeidet, bare noen få år fram i tid så er Telemark lagt innunder Vestfold fylke, og då er det Tønsberg me må forholde oss til. Sett igang folkens, vis nå at me er gode telemarkin­gar, telemarkin­gar som dreg «lasset» i same retning. Me får til det vi arbeider og kjempar for, det er her snakk om sikkerhet og trygghet for alle.

Politikara­ne i nedre deler av fylket må gjerne kjøre seg ein tur opp til Vågslid, Rauland, Skafså, Birtedalen eller andre stader i Vest-Telemark. Der kan dei tenke tanken at nå får eg et hjerteinfa­rkt, nå var eg uheldig med motorsaga/vedkløyva, der aka ungen rett ut i vegen, der gjekk nokon gjennom isen, der blei det avfyrt eit vådeskudd, der fekk ungen kokande vatn ivi heile kroppen.

Tør de framleis å vaere uenige om at rett plass for helikopter­basen er i Vinje? Hvis de er uenige i det, synest eg dere burde finne noko anna å drive med enn politikk.

Det ordføraren skriv om ingen støtte fra Skien kommune er heilt rett, dei skyr ingenting for å grafse til seg alt til Skien.

 ?? FOTO: BJØRN HARRY SCHØNHAUG ?? AMBULANSEH­ELIKOPTER: Eit av Norsk luftambula­nses helikopter­e går inn for landing ved sjukehuset i Skien.
FOTO: BJØRN HARRY SCHØNHAUG AMBULANSEH­ELIKOPTER: Eit av Norsk luftambula­nses helikopter­e går inn for landing ved sjukehuset i Skien.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway