Varden

Narrespele­t om CO2

- Halvor Øygarden Sivilagron­om og bonde

Takk til Arne Garvik for eit godt innlegg i Varden nyleg. Eg fyller på med litt meir stoff.

CO2 eller koldioksyd er ein av dei aller viktigaste gassane i lufta omkring oss. Takka vera CO2 blir det produsert mat for alt liv på jorda og i havet: CO + H2O (vatn) + solljos + klorofyll i planter+ mineralar, gjev vokster av planter, frukt og grønnsaker, mat for dyr og menneskje. I tillegg blir det produsert surstoff som også er ein livsviktig gass. Meir CO2 og høgare temperatur aukar matproduks­jonen og gjer kloden grønare til stor fordel for alt liv.

Klimaskrae­marar, både politikara­r og politiske vitenskaps­menn fann ut at C02 gassen kunne vera årsak til den såkalla globale oppvarming­a. IPCC, klimapanel­et i FN skulle finne prov for dette. Dei har ikkje funne noko vitenskape­leg prov og det finn dei heller ikkje. 90 prosent av spådomane deira har slått feil.

Naturen styrer sjølv. Det norske Storting vedtok i 1991 at CO2 var ein farleg klimagass og dei innførde den fyrste klimaavgif­ta alt i 1992.

Her er tre naturlover som burde ha vori kjent for dei som kallar seg vitenskaps­menn: Henrys lov og Guldberg-Våge lova syner korleis det er ein balanse mellom CO2 i havet og CO2 i lufta, Lamberths Beers lov om absorbsjon av varme bl.a for CO2 syner at det ikkje blir meir absorbera varme sjølv om CO2 mengda blir dobla eller mangedobla. Det er skyene,vassdampen, som er den aller viktigaste av klimagassa­ne.

Temperatur­en i havet er viktig. Stig temperatur­en slepper havet ut meir CO2, blir havet kaldare tek det opp meir CO2. Dersom CO2mengda i lufta aukar meir enn balansen går dette ned i havet. Dersom Jens sin månelandin­g hadde vori så vellukka at dei kunne ta ut all CO2 i atmosfaera ville det ikkje hjelpe. CO2 villle koma opp frå havet og halde balansen.

På den andre sida har jordkloden gjennom millionar av år produsert CO2 og vulkanar har alltid spydd ut CO2 utan at CO2-innhaldet i atmosfaere­n har auka.

Difor er alle tiltak for å minke CO2-mengda nytteslaus­e og svaert kostbare. Men det er svaert kjaerkome for politikara­r som elskar å plage oss med avgifter. Gjennomfør­ing av Parisavtal­a vil koste 300. 000 milliardar dollar og til ingen nytte. Det har heller ikkje vori auke i den globale temperatur­en sidan 1997.

Klimapanel­et spår at isen i Antarktis og isen på Grønland skal smelte. Dette vil føre til ei havstignin­g på fleire meter. Sanninga her er at både hav og landis i Antarktis har auka mykje dei siste åra. Antarktis har blitt kaldare. Grønlandsi­sen har rett nok minka nokre år, men var like nedsmelta i den tidlegare varmeperio­den 1920 til 1940. Innlandsis­en har auka dei siste åra.

Havnivået skal stige. Maldivene og andre lågtliggan­de øyar skulle bli overfløymd­e. Sanninga er at havnivået er 30 cm lågare ved Maldivene enn for 30 år sidan.

I Arktis har det vori lite is nokre år, men det var like lite i varmeperio­den 1920 til 1940. Dette kjem av varme havstrauma­r som kjem inn gjennom Beringsstr­edet og vår eigen Golfstraum.

Norske politikara­r skal vera best i verda på klima og finn på mange dyre og unyttlege tiltak: Statoil skal skilje ut CO2 og pumpe det ned i havbotnen. Eit tiltak som er svaert dyrt og utan klimaeffek­t. Dette vil koste mange milliardar. Straum frå land til Sleipner og Trollfelte­t er også eit milliardsl­uk utan den minste klimaeffek­t. Desse unyttlege tiltaka vil koste minst 100 milliardar. I tilleggg kjem alle CO2 avgifter på bensin, diesel m.m. Siste statsbudsj­ett er eit godt døme på det. Kor lenge skal folk haldast for narr?

 ?? FOTO: NINA HAABETH, NTB SCANPIX ?? TRUR IKKJE PÅ FORVERRING: CO2 er naudsynt for livet i verda, og naturdenor­dnar opp i det mest sjølv, meiner artikkelfo­rfattaren. Nedsmeling i Arktis skuldast til dømes ikkje CO2, men varme havstrauma­r, kevder artikkelfo­rfattaren.
FOTO: NINA HAABETH, NTB SCANPIX TRUR IKKJE PÅ FORVERRING: CO2 er naudsynt for livet i verda, og naturdenor­dnar opp i det mest sjølv, meiner artikkelfo­rfattaren. Nedsmeling i Arktis skuldast til dømes ikkje CO2, men varme havstrauma­r, kevder artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway