Varden

Folket jubla og kyrna sprang

Før var det kyr på mest kvar gard. No er det berre to mjølkebruk igjen i Bø.

- BØ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Derfor blir kusleppet på Gravjord i Bø – som i år gjekk av stabelen for tredje gong – berre meir og meir populaert.

Dette familiearr­angementet samla sundag rundt 200 personar, ifølge Knut Midtbø, som er leiar i Bø bondelag. Det er bondelaget, Bø bygdekvinn­elag og Kurompa Samdrift som står bak tiltaket.

På Gravjord har familien Hegnastykk­et føretaket Kurompa Samdrift med om lag 60 mjølkekyr pluss mange kviger og kalvar. Mjølkebond­e Anne Grethe Hegnastykk­et orienterte dei frammøtte om produksjon­en.

Vêret var praktfullt med sol frå blå himmel, så både store og små koste seg da mjølkekyrn­e kom ut på beite. Dyra fryda seg også under møtet med frisk luft, nydeleg grønt gras og eit stort publikum.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? KOSTE SEG: Både folk og fe koste seg under kusleppet på Gravjord i Øvre Bø sundag.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES KOSTE SEG: Både folk og fe koste seg under kusleppet på Gravjord i Øvre Bø sundag.
 ??  ?? ORIENTERTE: Mjølkebond­e Anne Grethe Hegnastykk­et orienterte dei frammøtte om produksjon­en.
ORIENTERTE: Mjølkebond­e Anne Grethe Hegnastykk­et orienterte dei frammøtte om produksjon­en.
 ??  ?? GJEKK UNNA: Det gjekk unna med pølser, brød og lomper på kusleppet. Hans Forberg (t.v.) og Håkon Groven serverte.
GJEKK UNNA: Det gjekk unna med pølser, brød og lomper på kusleppet. Hans Forberg (t.v.) og Håkon Groven serverte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway