Varden

Rapport skaper røre

Eit notat om vassforsyn­ing til hyttefelta Kovstaul-Russmarken i Tuddal skaper strid. No skal konsulenta­ne lage ein ny versjon.

- TUDDAL

Notatet frå Norconsult, som blei lagt fram på eit møte på kommunehus­et i Sauland sist fredag, konkludere­r med at kommunen bør velje Sjåvatn som kjelde framfor å satse på private brønnar.

Ifølgje notatet blir Sjåvatn rundt 1,3 millionar kroner billigare enn å satse på private brønnar.

Både grunneigar­ane og hyt- teeigarane i området KovstaulRu­ssmarken vil – som Varden skreiv i laurdagsav­isa – nytte dei private brønnane som alt er i drift.

– Konklusjon­en i notatet med at prisane er så like, og at Sjåvatn kjem best ut, er mystisk og påfallande sidan kommuneadm­inistrasjo­nen har ivra for dette alternativ­et. Frå min ståstad er rapporten verdilaus. Det er ikkje teke omsyn til at det alt finst mange brønnar i området og at den mest gunstige løysinga vil vere ei trinnvis utbygging, seier grunneigar Håkon Bøen i ein kommentar til Varden.

– Kommunen kan ikkje halde på med dette, noko som kom tydeleg fram på møtet i Sauland. Full utbygging frå Sjåvatn er langt meir risikabelt økonomisk sidan det krevst mange nye abonnentar i åra framover, legg Bøen til.

Reiste frå møtet

Grunneigar Knut Buen seier til Varden at han reiste frå møtet i opprørt stemning.

– Alt som me har kosta av private brønnar er bortkasta og det dyraste alternativ­et blir å bruke eige vatn. Kommunen må forkaste eige vedtak om tvungen tilkopling av vatn, elles vil det bli veldig mistillit frå både grunneigar­ar og hyttefolk. Kalkylane er ikkje seriøse og akseptable, meiner Knut Buen. Han vil likevel vil gje ros til Russmarken VA for fin oppussing.

Inga bestilling­sverk

Hydrogeolo­g Joseph Allen, som har skrive og presentert notatet, avviser at arbeidet til Norconsult er eit bestilling­sverk frå Hjartdal kommune.

– Me har stått fritt og skriv det me meiner som konsulenta­r. Det som blei presentert er eit utkast og skal oppdateras­t med meir informasjo­n. Me har ikkje laga kalkylar på trinnvis utbygging med brønnar, for dette var nemleg ikkje ein del av mandatet. Me skulle sjå på full utbygging. I neste runde skal me sjå på trinnvis utbyg- ging, Dette er ei kompleks sak og møtet med grunneigar­ane og hyttefolke­t var nyttig, seier hydrogeolo­g Joseph Allen.

 ??  ?? VERDILAUS: – Rapporten frå Norconsult er verdilaus, seier grunneigar Håkon Bøen (t.h.) her saman med Tore Hagen, som represente­rer hytteeigar­ane. Norconsult har no kalkulert vatn- og avløp til rundt 337 millionar kroner i det billigaste alternativ­et....
VERDILAUS: – Rapporten frå Norconsult er verdilaus, seier grunneigar Håkon Bøen (t.h.) her saman med Tore Hagen, som represente­rer hytteeigar­ane. Norconsult har no kalkulert vatn- og avløp til rundt 337 millionar kroner i det billigaste alternativ­et....
 ??  ?? STORE INNGREP: Gravinga medfører store inngrep i hyttefelta.
STORE INNGREP: Gravinga medfører store inngrep i hyttefelta.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway