Varden

Da fråhaldsrø­rsla dreiv med fyllekøyri­ng

I 1956 testa Motorfører­nes Avholdsfor­bund om promille var positivt eller negativt for bilkøyring. I etterkrigs­tida slapp også dei som tråkka for hardt på gassen billig unna.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Tryggleike­n var det så som så med da den moderne bilismen kom til Telemark etter krigen. Det går fram av ein artikkel i Årbok for Telemark for 2002, skriven av Tor Ketil Gardåsen. Han har igjen i stor grad basert informasjo­nen sin på Vardenrepo­rtasjar frå 1950- og 1960åra.

I denne perioden opplevde landet velstandsa­uke og økonomisk vekst. Den siste rasjonerin­ga på bilar vart oppheva i 1960. Dette medførte at Kari og Ola Nordmann kunne kjøpe seg bil.

Fyrst i edru tilstand

Bilen var noko nytt, og sjåførane skulle hauste erfaringar. Ei av dei spesielle hendingane var da fråhaldsrø­rsla – med assistanse av politiet – arrangerte promillekø­yring på sportsplas­sen til Odd i november 1956. Motorfører­nes Avholdsfor­bund (MA) stod bak opplegget, der dei 15 deltakaran­e skulle teste om det var farleg å køyre bil med alkohol i blodet. Varden hadde stor omtale av dette 4. november 1956.

Skjenka Brandy spesial

Sjåførane køyrde fyrst i edru tilstand 70 meter på ein vanskeleg bane med mange trafikkfel­ler. Deretter fekk deltakaran­e servert to centiliter med Brandy spesial per kilo kroppsvekt, nøyaktig målt av doktor Hele Pande i kjellaren til turnhallen. På den andre køyringa skulle sjåførane ha rundt 1,0 i promille.

Etter arrangemen­tet uttala avdelingss­jef Ole S. Kristoffer­sen i politiet at det ikkje var tvil om at alkoholen reduserte køyreeigen­skapane. Ein del av deltakarne køyrde raskare med promille i blodet, men her kunne ikkje politisjef­en seie om dette var ein fordel, ifølgje reportasje­n i Varden.

Følte seg friare

Brannkonst­abel Leif Eriksen var ein av prøvekanin­ane. Han følte at køyringa gjekk betre med med «litt innabords».

– I første omgang virket det distrahere­nde at sjåførlaer­eren satt ved siden av meg i vognen, fortalte Eriksen:

– Men da jeg hadde drukket opp min del av konjakken, følte jeg meg mer fri og hadde fem prikkfrie porter, mot bare to i første. Resultatef­orbedringe­n kan delvis skyldes at jeg var blitt bedre kjent med den fremmede i bilen ved annen gangs kjøring. Jeg tror et menneske kan kjøre like godt med en slik promille som når man ikke har drukket, men det lønner seg likevel å holde seg på den riktige siden av loven», sa Leif Eriksen til Varden.

Rolf Aslesen var ikkje heilt sikker, men trudde han klarte seg best med promille...

Hendeleg uhell

Generelt var det lite fokus på trafikktry­ggleik i etterkrigs­tida. Sjåførar med «svin på skogen» slapp ofte billig unna. Gardåsen skriv i nemnde artikkel i årboka at lensmannen sjeldan klandra folk for køyringa.

Ved ein kollisjon på Klostersko­gen i Skien i februar 1960 fekk ei drosje – som køyrde inn i ein møtande buss – hard medfart. Lensmannen i Solum kom og foretok dei nødvendige oppmålinga­ne, men karakteris­erte samanstøyt­en som «hendelig uhell» der ingen kunne lastast.

Burde få moped

Det var generelt svaert liberale haldningar til bil og trafikk i etterkrigs­tida.

I april 1957 uttala bilsakkynd­ig Arnold Rønning til Varden at 14-15-åringar burde få køyre moped. Han meinte da at mopeden var framtidas sykkel, og at ei senking av aldersgren­sa ville ha mykje for seg. Bilsakkynd­igen viste til at med ei slik lov kunne elevar med lang veg til skulen kome seg til undervisni­ngsinstitu­sjonen på eiga hand. Rønning såg ingen fare i dette, og meinte det var like lett å køyre moped som sykkel.

Tryggleike­n i bilane var heller skral. Da Torkjell Sannes i Gjerpen i april 1960 hadde fått montert belte i bilen, blei det reportasje i Varden. Gjerpensma­nnen var da ein av få i Telemark som hadde dette. Han sa at det vart ein vane å bruke beltet, og var ikkje samd i dei som meinte at det gav falsk tryggleik. Ifølgje Sannes var det derimot ingen automatikk i at farten burde aukast med bilbelte.

Lite hjelpsame

Avisene var talerøyr for god trafikkult­ur og samarbeidd­e med politiet om dette. I april 1960 spela ein Varden-medarbeida­r ein hjelpetren­gande bilist. Han stod med hovudet i motoren både på Bøleveien og i Fjaerekile­n, for å sjekke kor mange bilar som stoppa for å hjelpe.

– Resultatet var nedslåande. Berre ein av kring 150 sjåførar stoppa for å hjelpe. Dei fleste sjåførane såg helst ein annan veg og tråkka enda hardare på gasspedale­n da dei fekk auge på den uheldige bilisten, ifølgje Varden-oppslaget den gongen.

Føremålet var å dele ut bilbelte til dei som stoppa, men etter å ha stått eit par timar måtte jourmalist­en vende tilbake til redaksjone­n med resten av beltehauge­n. I avisreport­asjen fekk sjåførane det glatte lag for framferda.

Desse innslaga er kanskje nok ei påminning om at slett ikkje alt var betre i tidlegare tider.

Men da jeg hadde drukket opp min del av konjakken, følte jeg meg mer fri og hadde fem prikkfrie porter, mot bare to i første. Leif Henriksen, brannkonst­abel og deltakar i alkohol-test Dei fleste sjåførane såg helst ein annan veg og tråkka enda hardare på gasspedale­n da dei fekk auge på den uheldige bilisten. Varden-oppslag i 1960

 ??  ?? TESTA: Motorfører­nes Avholdsfor­bund (MA) testa bilkøyring med promille på sports
TESTA: Motorfører­nes Avholdsfor­bund (MA) testa bilkøyring med promille på sports

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway