Varden

Gjer sanninga vondt, Vedum?

- Solveig Sundbø Abrahamsen Stortingsr­epresentan­t, Telemark Høgre

I eit innlegg i Varden skriv Senterpart­iets partileiar Trygve Slagsvold Vedum at underteikn­a har gått hardt til angrep på Sp i eit innlegg om politirefo­rma. Det er feil, eg fortalte bare sanninga om Senterpart­iet sin justispoli­tikk.

Senterpart­iet har denne våren lykkast med å vinne velgjerara­r på sin motstand mot endringar. Det dei gløymer å fortelja oss er at denne motstanden mot endringar går på sikkerheit­a laus. Førre gong norsk politi var gjennom ein reform var på 50-talet. Sidan då har kriminalit­etsbilde endra seg mykje. Førre vekes dataangrep illustrere­r dette på ein god måte.

Trygve Slagsvold Vedum har rett i ein ting. Me har foreslege å legge ned 126 lensmannsk­ontor. Under 3 prosent av desse lensmannsk­ontora hadde opent lenger enn til kl. 16.00. Mange hadde bare opent tysdagar mellom 10.00 og 14.00. Eit tomt lensmannsk­ontor fredag kveld gir falsk tryggleik, Vedum. Det som er viktigast for responstid­a er avstanden mellom den operative politipatr­uljen og staden der hendinga skjer, ikkje kontoret i seg sjølv.

Me har gått frå eit politi på kontor til eit politi på hjul. Det gjer Telemark tryggare. Det Vedum heller ikkje seier noko om er dei 1.300 nye politifolk­a me har fått i distrikta gjennom reforma. I dag kjem politiet raskare fram enn før når du og eg treng hjelp.

Eg er stolt over at Sør-Øst politidist­rikt har fått 97 nye stillingar gjennom politirefo­rma. Og eg går til val på at me skal få enda fleire dei neste åra. Meiner du at politi på hjul er betre enn politi på kontor bør du stemme Høgre til hausten.

Eg har til gode å sjå alternativ­et til Vedum. Kva for kontor vil han behalde? Og kor lange opningstid­er skal dei ha?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway