Varden

Styreleiar­en i Russmarken slår tilbake

Styreleiar Anne Karin Bakka Hagen slår kraftig tilbake mot påstandane om manglande tillit til Russmarken VA.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Informasjo­nsskrivet som er sendt til ordførar og kommune-styrerepre­sentantar har kome til Russmarken VA via hytteeigar­ar. Tillit til styret er det berre generalfor­samlinga som kan gje uttrykk for. Insinuasjo­nar om manglande kompetanse blir avvist på det sterkaste. Det er tvert imot stor kompetanse sidan tilsette i selskapet har over 30 års erfaring kvar innanfor kommunalte­knisk kompetanse. Styret har tilsett desse personane på dette grunnlaget. I tillegg er landets leiande konsulentf­irma valt til kalkylar og prosjekter­ing, opplyser Anne Karin Bakka Hagen i ein epost til Varden som svar på spørsmål frå avisa.

Ho avviser også at det funne stad nokon kostnadssp­rekk.

– Derimot er det føreteke ein revisjon av kalkylen frå 2012 som da berre galdt avløp, totalt 140 millionar. Med Sjåvatn som vasskjelde blei dette auka med 110 millionar kroner - til 250 millionar kroner. Multiconsu­lt gjennomfør­te kvalitetss­ikring og det gav 336 millionar kroner som resultat. Det er per i dag ikkje overskridi­ngar i prosjektet, opplyser Bakka Hagen.

Ho meiner at prognosane om forventa tilkopling ikkje vil vere ein økonomisk risiko for kommunen.

Styreleiar­en beklagar elles at grøftene er blitt breiare enn avtalt, men at det skjer nødvendig opprydding på berørte areal.

Dagleg leiar Knut Olsen i Russmarken VA viser til kommentar frå styreleiar, og ønskjer ikkje å uttale seg til Varden om saka.

 ??  ?? TAUS: Knut Olsen i Russmarken VA i Tuddal vil ikkje kommentere påstandane frå hyttefolke­t.
TAUS: Knut Olsen i Russmarken VA i Tuddal vil ikkje kommentere påstandane frå hyttefolke­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway