Varden

Kunstskatt­ar funne på eit loft på Gvarv

Leiinga i Nes Mållag gnir seg i hendene om dagen. Årsaka er at under opprydding i eigedomen deira Sole i Gvarv sentrum er det kome for dagen fleire kunstskatt­ar etter treskjerar­geniet Borgar Borgarsson frå Bø.

- SAUHERAD

Nå i sommar skal kunstskatt­ane, som Borgarsson har laga, under hammaren.

– Det er heilt uaktuelt for oss å gje bort desse gjenstanda­ne. Truleg har dei ein verdi på fleire hundre tusen kroner, seier Gro Nomeland Gjerden, leiar i Nes Mållag.

Godt rennome

Kunstnaren Borgar Borgarsson var frå Roheimheia i Bø. Han var fødd 14. april 1836 og døydde i 1916. Den fattige guten var berre tre år gammal da han rissa roser i tre. Seinare arbeidde han seg opp og og fekk eit godt rennome. Borgarsson mottok såleis fleire stipend til opphald i utlandet, mellom anna Amerika. Han fekk også medaljer på utstilling­ar i fleire europeiske hovudstade­r.

Tilfeldig

– Det var tilfeldig at folk frå mållaget kom over klenodia på loftet på Sole. Alle gjenstanda­ne var pakka godt inn og derfor gjorde målfolka store augo då dei såg kva som var innhaldet.

– Vår teori er at Borgar Borgarsson trong pengar. Han har enten gjeve frå seg utskjering­ane eller sett dei i pant til Torgrim Bjørnson, som i si tid eigde Sole. Bjørnson var både kjøpmann og postopnar, fortel Gro Nomeland Gjerden, som ventar i spenning på auksjonen seinare i sommar.

Strid

– Reknar du med stridom desse gjenstanda­ne?

– Det blir alltid krangel om slike skattar. Og det er nok dei som meiner at desse sakene bør bli i bygda. Dersom mållaget hadde hatt ein god økonomisk situasjon ville me teke vare på skattane sjølve.

 ??  ?? SKATTER:
skattane. Leder i Nes mållag Gro Nomeland Gjerden viser fram
SKATTER: skattane. Leder i Nes mållag Gro Nomeland Gjerden viser fram

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway