Varden

De fleste vil ha Bøherad

Blant folk flest er Bøherad favoritten som namn på den nye kommunen i midtfylket.

- ▶ BØ Halvor Ulvenes

Det stadfester leiar av namnegrupp­a, Borgar Torbjørn Kaasa, over for Varden. Fredag kveld arbeidde komiteen vidare med saka, før saka til slutt endar opp i dei to kommunesty­ra.

Totalt har det kome framlegg på 89 ulike kommunenam­n. Om lag 300 personar frå Bø og Sauherad har sendt inn framlegg. Oversikta fortel at 85 av innsendara­ne vil at den nye kommunen av Bø og Sauherad skal heite Bøherad.

Det har kome 39 framlegg om Midt-Telemark kommune, 37 forslag om Bø, medan 18 personar meiner nykomlinge­n i Telemark skal heite Bø og Sauherad. Åtte innsendara­r har foreslege Breisås som nytt kommunenam­n. Bø og Saude er favoritten til seks innsendara­r.

Nokre av innsendara­ne har kome med spøkefulle framlegg - som til dømes Bae kommune

Har betyding

– Dette er ikkje noko folkerøyst­ing, men framlegga frå innbyggjar­ane vil ha betyding, seier Kaasa som er varaordfør­ar i Bø.

Han stadfester at om han åleine hadde bestemt, ville det nye kommunenam­net blitt Bø eller Bøherad. Kaasa seier at Nome kommune har oppmoda om ikkje å bruke Midt-Telemark som namn, men at kommunesty­ra handterer dette.

– Bø som merkenamn er eit moment, men ikkje avgjerande for kva valet blir. Språkrådet har også talt. Dei er skeptiske til eit namn som Bø og Sauherad, men vil ikkje underkjenn­e det. Dette er ei vanskeleg sak, og tilrådinga kan ende opp med ei delt innstillin­g, ifølgje Borgar Torbjørn Kaasa.

Regjeringa avgjer

Med seg i gruppa har han Alf Rose Sørgaarden, Karin Hagen, Evy Beate Tveter, Wenche Akkerhauge­n og Hans Kortner Ryen.

Kommunesty­ra i Bø og Sauherad skal handsame saka 21. august i år. Det er Kongen i statsråd som skal fastsetje det endelege namnet, ifølgje Borgar Torbjørn Kaasa. ▶ halvor.ulvenes@varden.no

 ??  ?? VANSKELEG:
Varaordfør­arane Alf Rose Sørgaarden (t.v.) og Borgar Torbjørn Kaasa dreg krok. Dei er valte inn i namnegrupp­a. Bak ordføraran­e Olav Kasland og Mette Haugholt.
VANSKELEG: Varaordfør­arane Alf Rose Sørgaarden (t.v.) og Borgar Torbjørn Kaasa dreg krok. Dei er valte inn i namnegrupp­a. Bak ordføraran­e Olav Kasland og Mette Haugholt.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? SLAGET STÅR: Leiar i namnegrupp­a, Borgar Torbjørn Kaasa, skal levere framlegget deira om ei veke.
FOTO: HALVOR ULVENES SLAGET STÅR: Leiar i namnegrupp­a, Borgar Torbjørn Kaasa, skal levere framlegget deira om ei veke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway