Varden

Skog - et spekulasjo­nsobjekt

-

Nyleg la regjeringa fram forslag om å fjerne prisregule­ringa på skogeigedo­mar og skogdomine­rte landbrukse­igedomar.

Med det vil regjeringa tilbake til tilstandan­e på 17og 1800-talet, da skog var finansiell­e spekulasjo­nsobjekt for rike folk, oftast utanbygds og utan kompetanse på skog. I tillegg ligg det inne forslag om å heve grensa for konsesjon på dyrka mark frå 25 til 35 dekar, og oppheve priskontro­llen for eigedomar med mindre enn 35 dekar skog.

Dersom alt dette går gjennom i Stortinget, vil det ha store negative konsekvens­ar for det norske småskalala­ndbruket. Men Regelrådet, som er eit offentleg råd som skal granske utforminga av nytt regelverk, påpeika at regjeringa­s forslag ikkje var godt nok utgreidd og gav derfor forslaget raudt ljos.

Regjeringa ignorerte sitt eige offentlege råd og sendte forslaget over til Stortinget utan at rådets krav om konsekvens­utgreiing var innfridde. Dette vitnar om regjerings­politisk venstrehan­dsarbeid. Nå må i alle fall Stortinget respektere Regelrådet­s tilråding og sende heile forslaget tilbake til regjeringa med krav om offentleg utgreiing.

Konsekvens­en dersom regjeringa­s forslag likevel får fleirtal i Stortinget ved hjelp av KrF og vinglepart­iet Venstre, er at ein er tilbake til «skog- og trelastbar­onane» sin tidsalder og aksjeselsk­ap som vil kjøpe opp mykje av den norske gardsskoge­n, som altid har vore ryggraden i det norske landbruket. Det var nettopp denne utviklinga med spekulativ­t storoppkjø­p av skog, tildels med rovhogst og vanskjøtse­l, ein tok konsekvens­en av da den fyrste konsesjons­lova blei vedteken i 1909. Med forslaget sitt vil regjeringa tilbake til denne tilstanden i norsk skogbruk og rive vekk grunnlaget for den norske modellen med gardsskogb­ruket. Jon Ingebretse­n kommunepol­itikar i Kviteseid for MDG

PS. At den nåverande konsesjons­lovas paragrafar virkar, har me nyleg hatt eit godt døme på i Kviteseid, der det blei konsesjons­nekt på kjøp av skog nettopp på grunn av for høg pris. Det er denne priskontro­llen regjeringa vil til livs, slik at storoppkjø­pet av skog skal blomstre, serleg i tider med ikkje alt for lukrative tømmerpris­ar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway