Varden

«Pjusken» er blitt til bok

Jaerbuen kom til Tokke og blei så fascinert av «Pjusken» at han har skrive bok om den spesielle kongeørna.

- TOKKE ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Sundag har Jostein Hellevik bokslepp på Vest-Telemark Museum i Eidsborg, for biletboka som er trykt opp i 3.000 eksemplar. Responsen har vore overveldan­de.

- Eg satsar på at den blir trykt på fleire språk, seier den engasjerte naturfotog­rafen.

Han har illustrert boka med ei rad praktfoto av den spesielle ørna - dei aller fleste har han teke sjølv.

Så stakkarsle­g

– Ørna var så stakkarsle­g og eit mobbeoffer at den straks fekk namnet «Pjusken», seier fotografen om dyret han møtte oppe på fjellet i 2010.

– «Pjusken» fekk så mykje juling at den måtte bruke kvelden til å ete for å få fred og ro. Ørna, som hadde eit naert forhold til mora si, opplevde ein ekstrem tøff start på livet. Forholdet til mora er spegla i boka, seier Hellevik.

Spennande reise

Han seier at det har vore spennande å følgje ørna i seks år, etter at den fyrste gongen dukka opp. Den vart borte, for så plutseleg å dukke opp igjen. Det skapte glede for mannen bak kameraet. Etter nokre år bestemte han seg for at dette prosjektet måtte bli bok, og no har Hellevik, som driv Dalen Villmarkse­nter, fått realisert draumen.

Forfattare­n fortel at da bjørnen oppheldt seg i Tokke, så blei det ei god tid for «Pjusken». Han dilta i haelane på bamsen, og etter den låg det ein del godbitar på bakken som «Pjusken» fekk god nytte av.

Deler tankar

I boka gjev også forfattare­n «Pjusken» tankar om oss menneske og det han ser - med andre ord det ørna føler, tenkjer og korleis han til dømes opplever nyttårsfei­ringa med alle rakettane.

Forfattare­n Hellevik er sjølv sauebonde, men meiner at kongeørna har fått eit ufortent dårleg rykte.

Ikkje sann

– Dei ti siste åra har den teke berre fem lam her i Tokke, og når noko skjer vert det store oppslag i avisene. Det blir gjeve ei oppfatning av ørna som ikkje er sann. Kongeørna er heller ikkje farleg for små barn. Den klarer berre å løfte ein kilo, seier

forfattare­n.

Han meiner at bestanden av kongeørn aldri kan bli stor som følgje av at den har eit territoriu­m på 11 kilometer i diameter.

– Det er 1.263 territoriu­m i heile landet, og no er 940 av desse opptekne. Det betyr at det framleis er mange ledige, seier Jostein Hellevik

Enorm publikum

Dokumentas­jon til Hellevik har skapt enorme interesse i internasjo­nale media. BBC har sendt program om Tokke-ørna som har nådd hundretals av millionar menneske. NRK har også laga program fleire gonger

– Det er eit enormt potensial for reiselivet i Tokke av kongeørna. Berre sist helg skapte den omsetning i bygda på over 100.000 kroner. Da var fleire fotografar samla her oppe. Dette potensiale­t er ikkje godt nok utnytta. Kongeørn i eit norsk postkort er gigantisk reklame, seier Jostein Hellevik.

Nasjonal heilagdom

Han ser på ørna som ein nasjonal heilagdom som vart freda i 1970.

– Kongeørna er ein av naturskatt­ane våre, seier rogalendin­gen som har gjort telemarkin­g av seg.

Ikkje nok med at han kjem med bok i desse dagar: På bygdemusee­t i Eidsborg står det også ei flott fotoutstil­ling signert Jostein Hellevik. Der er han represente­rt med 23 foto av den heilt spesielle ørna. Utstilling­a står der i sommar.

 ??  ?? PÅ TUR: Ørna «Pjusken» fanga inn i Tokke. Den var veldig stakkarsle­g da fotografen såg den fyrste gong i 2010, men har
PÅ TUR: Ørna «Pjusken» fanga inn i Tokke. Den var veldig stakkarsle­g da fotografen såg den fyrste gong i 2010, men har
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? BOKSLEPP: Forfattar Jostein Hellevik har bokslepp komande sundag på Vest-Telemark Museum i Eidsborg.
FOTO: HALVOR ULVENES BOKSLEPP: Forfattar Jostein Hellevik har bokslepp komande sundag på Vest-Telemark Museum i Eidsborg.
 ??  ?? KJEM TILBAKE: Pjusken er et flott syn.
KJEM TILBAKE: Pjusken er et flott syn.
 ?? FOTO: DUY ANH PHAM ?? UFORTENT RYKTE: Forfattare­n meiner at ørna har fått eit ufortent dårleg rykte.
FOTO: DUY ANH PHAM UFORTENT RYKTE: Forfattare­n meiner at ørna har fått eit ufortent dårleg rykte.
 ??  ??
 ?? FOTO: JOSTEIN HELLEVIK ?? kome seg veldig seinare.
FOTO: JOSTEIN HELLEVIK kome seg veldig seinare.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway