Varden

Fleire tomflasker betalar skoletur

Bygdefonde­t er eit fellesfore­tak som tok over innsamling­a av tomgods i Haukeli-området etter at hjelpekorp­set avslutta frå nyttår 2009.

- Ragnvald Christenso­n

Det er sju personar med hjelpar som har vakt ei veke kvar, og hentar då tomgods frå 22 flaskekont­einerar som er plassera i Vågslid, Bykleheie, Arabygdi og Edland/ Haukeli med ein eigen bilhengar som er laga til for formålet.

Me har lager på Edland her me då lesser av sekkane frå tilhengere­n når turen er gjord.

Tidlegare var det den same gjengen som også måtte sortere og få flaskene på rett plass i sekkar og kasser, det er mykje arbeid.

Det har stort sett vore ungdomsakt­ivitetar eller utstyr til dette som har fått tilskot frå Bygdefonde­t, og då kom det eit tilbod om hjelp frå ungdomssku­len på Edland skule, var det utruleg godt å få denne hjelpa.

I løpet av skuleåret 2016/2017 har det vore 25 sorterings­kveldar på ein par times varighet, og i løpet av den tida så har dei sortera fleire hundre sekkar med flasker, som utgjer fleire titals tusen kroner.

Og dette er hjelp til sjølvhjelp både for oss og ungdomane, for dei fekk overført til kontoen sin det dei hadde behov for til deltakinga av turen med «Dei kvite bussane» til hausten, og me i hentegjeng­en treng berre å hente inn tomgods kvar 7. veke, så det er ei grei ordning.

Mengda av tomgods har auka kvart år sidan me starta opp i 2009, noko me merkar godt i høgtidene som jol og påske.

Harald Sandvik frå Bygdefonde­t organisera­r desse sorterings­kveldane, og passar på at det vert gjordt på ein måte som reglane seier at det skal gjerast.

 ??  ?? TOMGODSHJE­LPARAR: Framfor nokre av dei hundre sekkane dei har sortera, Flothyl, Tone Marie Midtveit. Sitjande f. v. Åmund Gudgarden, Aidin Smajic, Sigrid Rui Gardsteig.
TOMGODSHJE­LPARAR: Framfor nokre av dei hundre sekkane dei har sortera, Flothyl, Tone Marie Midtveit. Sitjande f. v. Åmund Gudgarden, Aidin Smajic, Sigrid Rui Gardsteig.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway