Varden

Skrantesju­keeksperim­ent

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar

Det er historisk og nytt når alle dyr i ei lokal villreinst­amme skal avlivast og området brakkleggj­ast i 5 år, for så å få villrein tilbake i same område, der miljøet framleis kan ha smittepote­nsiale for skrantesju­ke.

Iein hektisk avlivingsp­eriode med erfarne jegerar, kan reinsdyr frå dette omnrådet ukontrolle­rt kome over i andre villreinom­råde. Det kan få konsekvens­ar fordi uttaket da ikkje blir 100 prosent, ein føresetnad.

Årsaka til dette

«pilotekspe­rimentet», som ein tidlegare ikkje har erfaringar frå, skuldast at to reinsdyr i Nordfjella, som er det aktuelle området, har «testa» positivt på skrantesju­ke, som er ein dødeleg sjukdom hjå hjortedyr. På grunn av dette vil ein avlive heile villreinst­amma på omlag 2000 dyr for om mogleg å stanse sjukdomen.

Det ein veit

og har historiske erfaringar frå og dokumentas­jonar på er at gjennom dei 10.000 år det har vore villrein her til lands og uendeleg mykje lenger i land sør for oss, er at populasjon­ane med jamne mellomrom har vore utsatt for ulike typer epidemiar og sjukdomar. Dese har vore iscenesatt av naturen, utan at villreinen av den grunn har blitt naturleg utrydda som art. Dette var i

tider utan forskning og kunnskap, da naturen styrte seg sjølv. Burde ein heller laere av dette og la naturen sjølv ordne opp utan å manipulere med naturens eigne måtar å framskaffe stadig betre biologisk arvemateri­ale og med det også få stadig meir motstandsd­yktige dyr?

I staden for

med våre forsknings­og kunnskapsb­aserte velmeinte eksperimen­t stadig gjere naturen og artane der meir sårbare, fordi dei blir fråtatt moglegheit­en til å bryne seg på motstand.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway