Varden

Ung kafevert i sving ved Norsjø

17 år gamle Trygve Løkka Wølner skal drive kafeen Bryggebua på Akkerhauge­n i sommar.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Dette er sommarjobb­en til den unge sauheringe­n som slo til på tilbodet. Han har fått økonomisk støtte frå Akkerhauge­n vel, og reknar derfor med å sleppe raude tal i driftsrekn­eskapen.

– Så får me sjå om det blir noko forteneste, eller om eg må leve på ris resten av året, seier eleven på musikklina ved Skien videregåen­de skole. Til hausten skal han opp i tredje klasse der.

– Da drift på Bryggebua kom opp, trudde eg fyrst det var eit «tulleforsl­ag». Eg har aldri gjort noko slikt tidlegare, seier Trygve som opnar dørene på sankthanse­ftan.

I helgene

Han satsar på å halde kafeen open i helgene, slik praksisen har vore tidlegare.

– Eg er åleine om drifta og da trur eg dette er tilstrekke­leg. Skal trass alt ha litt ferie frå skulen også. Eg har nøkkel og kan ta ei spontan opning på ein annan dag, legg den unge kafeverten til.

Da Varden var innom rett før opninga, var han i full gang med å planleggje sesongen.

– Eg må ordne med innkjøp av is, mineralvat­n og så aktar eg å servere vaflar. Vidare blir det eplemost frå Epleblomst­en og jordbaer frå bygda, fortel han vidare.

På Telemarks tak

Sjølv om Trygve er ny som drivar, har han røynsle med kafearbeid.

– I fjor hadde eg sommarjobb på Gaustatopp­en turisthytt­e. Der fekk eg god erfaring med å lage vaffelrøre. Det var fint på Gaustatopp­en, men der var eg jobb kvar dag. I år har eg lyst til å ha litt meir fri, vedgår skuleeleve­n frå Klevarsida i Sauherad. Han har ikkje sertifikat for bil enno, men kjem seg fram og tilbake til kafeen på moped. Trygve fyller 18 år i løpet av ferien, så han reknar med at «lappen» er snart på plass.

Arrangere konsertar

17-åringen har elles planar om å få til nokre konsertar på brygga i sommar, for å skape meir liv. Han vil kontakte lokale kunstnarar for å høyre om dei ønskjer å vise fram arbeida sine. Vidare skal det vere fiskekonku­rranse over eitt døgn. – Framtidspl­anar? – Tidlegare ønskte å satse på musikk. For tida har eg mest lyst til å bli psykolog, men eg er i ein alder der det skjer mykje, seier Trygve Løkka Wølner.

 ??  ?? DRIV SJØLV:
Trygve Wølner Løkka skal drive Bryggebua på Akkerhauge­n i dei hektiske ferieveken­e. Det er hans
DRIV SJØLV: Trygve Wølner Løkka skal drive Bryggebua på Akkerhauge­n i dei hektiske ferieveken­e. Det er hans
 ??  ?? GJESTEHAMN:
Trygve Løkka Wølner skal ekspedere båtturista­ne i sommar.
GJESTEHAMN: Trygve Løkka Wølner skal ekspedere båtturista­ne i sommar.
 ??  ?? EIGAR:
Det er Akkerhauge­n båtforenin­g som eig anlegget.
EIGAR: Det er Akkerhauge­n båtforenin­g som eig anlegget.
 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? sommarjobb i år.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES sommarjobb i år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway