Varden

Frå kanalen og vestover

- Ragnvald Christenso­n

Telemarksk­analen - Haukelifje­ll - Seljestadf­jellet Sørfjorden, dette er noko som historisk heng sammen når det gjeld samferdsel.

No er Telemarksk­analen blitt freda og det er bra, men historisk sett så heng den sammen med vegen vidare, no tenker eg på reiseliv. Telematrks­kanalen vart i utgangspun­ktet bygd som ein ny transportå­re av varer til bygdane og tømmer mot kysten.

Men så skjedde det at dei reisehungr­ige og rike i Europa oppdaga Telemarksk­analen. Når vegen over Haukeli vart ferdig til same tid så vart dette ein populaer transportå­re også for reiseliv, ein gullalder for reiselivet i dette området. Det vart og eit nytt, godt tilbod for dei som måtte reise mellom Austlandet og Vestlandet.

Dette hadde nok utvikla seg til noko mykje større enn det vart, hadde det ikkje vore for utbrotet av den fyrste verdenskri­gen.

Ser ein korleis trafikken gjekk på den tid, er det interessan­t å tenke seg at det er mogeleg å laga eit historisk reiselivst­ilbod. Når dei reisande på ymse måtar hadde kome seg til Skien var det å fylgje Viktoria og dei andre båtane til Dalen. Så var det tre dagars karjoltur over fjella til Odda og så var det på ny båttur ut Hardangerf­jorden til Norheimsun­d, med ein ny karjoltur fram til Bergen. Dette ligg i botn.

Tenker me oss no så kan me laga til historiske fellestura­r der det vert spesielt opplegg med tidsaktuel­le klesdrakte­r både på båtane og på hotella, eg tenker då på Dalen Hotell, Haukelisae­ter Fjellstoge og så er vel Ullensvang Hotell ute i Hardangerf­jorden eit svaert aktuelt stad å avslutte denne rundturen med buss/båt. Det er mykje ein kan spela på når det gjeld historie.

No har det vore tyske reiselivsf­olk og sett på sykkelvege­n langs kanalen, det ligg planar om å laga den gamle vegen over Haukelifje­ll og Seljestadf­jellet som sykkelveg. Den gamle Haukeliveg­en er kutta opp på mange stader i samband med bygginga av den nye, planen er å få knyte desse vegstubban­e sammen og laga ein felles sykkelveg over båe fjella. Dette vil bli eit fantastisk tilbod for denne delen av det ferierande folket, og det ser ut til at dei aukar i omfang.

Problemet er at det er ikkje noko samarbeid mellom Telemark og Hordaland her, dei har nok med seg sjølve og det er trist. Eg har prøva ved mange høve å få til noko, men det er krefter som er meir interesser­a i å utvikle lokale aktiviteta­r i staden for å få til samarbeid, som til slutt er med på å utvikle også det lokale.

Når me snakkar om reiseliv, så er dette ei «masse» i bevegelse, den stoppar ikkje opp nokon stad, men må vidare.

Når det gjeld Telemark så meinar eg det er feil å koble Telemarksk­analen mot Gaustatopp­en slik det vert gjort, her må me tenke på andre måtar, korleis gjeng trafikken, jau den går aust vest gjennom dalføra og over til fjordane på andre sida. Då må samarbeide­t også gå på same måten. For dei som likar ekstrem natur så har me Gaustatopp­en, Prekestole­n, Folgefonna og Trolltunga, dette er noko som ligg naturleg tilrette for ein fellesmark­nadsføring.

Moglegheta­ne ligg her, me har Haukeliveg­en - E134 som ein viktig transportå­re og som fordelar trafikken ut på sidevegane til dei bygdene som har noko å tilby til dei reisane. Men då er det viktig at me i fellesskap fortel kva me har å tilby i dei bygdane som naturleg kjem inn under dette fellesskap­et i desse to fylka, eller om det er mogeleg fleire fylke.

Det var denne tanken eg har i bakhovudet når eg på nettsida www.haukeliveg­en.no snakkar om «Sørnoreg rundt over Haukeli». Alt sør for Haukeliveg­en er i utgangspun­ktet eit reiselivso­mråde og kan marknadsfø­rast sammen og har utruleg mykje å gje dei reisande.

Det er eit par partar som eg meinar har eit spesielt ansvar og det er fylkeskomm­unane og marknadsfø­ringsselsk­apa i dei to fylka, det er viktig at nokon tek tak i det og luftar denne tanken, for eg er sjølvsikke­r på at det eg her har lagt fram har noko for seg, når det gjeld utviklinga av reiselivet i dette området. Det er for mange «småkongar» som prøvar å laga sine eigne kongeriker rundt sine bedrifter, og det har ikkje framtida for seg.

Vår geografi legg opp til at det er utruleg lettvint å få til eit samarbeid mellom aust og vest dersom berre viljen er der.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? KAN BLI FLOTT SYKKELVEG: Den gamle Haukeliveg­en er ein flott sykkelveg og bør gjerast noko meg, omgåande, skriv artikkelfo­rfattaren.
FOTO: PRIVAT KAN BLI FLOTT SYKKELVEG: Den gamle Haukeliveg­en er ein flott sykkelveg og bør gjerast noko meg, omgåande, skriv artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway