Varden

Byråkrati, sentralise­ring, under-finansieri­ng

- Olav Urbø Fylkesleia­r Telemark Sp, 2. kandidat til Stortingsv­alet

Det er interessan­t å lese leiaren i Politiets fellesforb­und Sør-Aust sitt innlegg om underfinan­siering av politirefo­rma. Og at mesteparte­n av løyvde mildar over statsbudsj­ettet er ein «teknisk» overføring av pensjonsfo­rpliktelsa­r frå Statens pensjonska­sse til politiet.

Dei resterande midlane er ikkje i naerleiken av å fylle opp nye stillingar og innkaup av naudsynt materiell. Reelt sett har det vore ein reduksjon i det budsjettme­ssige handlingsr­ommet med 426 millionar sidan 2013.

Reknestykk­et som presentera­st er saers alvorleg lesing. Det angår det mest grunnleggj­ande i samfunnet, tryggleik for alle uansett om ein bur i Oslo eller i Vinje. Men det er ikkje overraskan­de i heile teke. Senterpart­iet har vore kritisk til politirefo­rma frå dag ein og har sagt dette lenge. Gjørvkommi­sjonen sa aldri noko om at ein måtte sentralise­re politiet i Noreg. Det Gjørv-kommisjone­n sa noko om var ukultur og dårleg leiing sentralt.

Det som har skjedd sidan 2013 er at tal stillingar i Telemark Politidist­rikt er redusert frå 398 pr. 31.12.2013. til 390 pr. 30.04.2017. Samstundes har budsjettet til Politidire­ktoratet auka frå 160 millionar i 2013 til 301 millionar i 2017, og tal stillingar frå 198 til 306. I tillegg har Stortinget mot Senterpart­iet sine røyster gjeve frå seg all makt til Politidire­ktoratet i samband med lokaliseri­ng av nye politidist­rikt og lensmannsk­ontor.

Vieri ferd med å få eit sentralise­rt politi som bare er tilstades når ting har skjedd. Brann- og ambulansep­ersonell vil måtte take eit stadig større ansvar for saers alvorlege hendingar. Samstundes har vi den største oppbygging av politibyrå­krati i historia. Omgrepet «naerpoliti» er historias største floskel.

Senterpart­iet sin politikk er at ressursane til politiet vert omfordelt fra politibyrå­krati til operasjone­lle stillinger. Politidire­ktoratet vert lagt ned og ansvaret vert lagt inn under politiavde­linga i Justis- og beredskaps­departemen­tet. Senterpart­iet vil ha eit reelt naerpoliti der førebyggin­g er sentralt. Og at Stortinget tek attende ansvaret for denne type avgjersler og ikkje gjøymer seg bak Politidire­ktoratet.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SCANPIX ?? FOR SEINT: Politi er berre til stades når noko har skjedd, skriv Olav Urbø.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SCANPIX FOR SEINT: Politi er berre til stades når noko har skjedd, skriv Olav Urbø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway