Varden

«KLIMASATS» SOM INTERPELLA­SJON

- Jon Ingebretse­n MDG - Vest-Telemark/Kviteseid

Tidlegare partikolle­ga og nå Telemark Venstres 1. kandidat til stortingsv­alet, Eli Taugbøl, er med rette stolt over at dei såkalla statlege «kilmasatsp­engane» kjem som resultat av at Venstre fekk gjennomsla­g for dette i budsjettfo­rhandlinga­ne for 2016 (100 mill kroner) og 2017 (150 mill kroner).

Dette fortel ho i ei ytring i VTB og Varden. Så vidt eg er orientert om, var det liten dissens om dette mellom partia i budsjettfo­rhandlinga­ne, bortsett frå at Miljøparie­t Dei Grøne (MDG) gjekk inn for meir statlege midlar til klimatilta­k i fylkeskomm­unar og primaerkom­mu-

nar, medan Frp, som Venstre støttar i regjering, ikkje uventa var lunkne til å budsjettfe­ste så mykje statlege «klimapenga­r».

Som eit apropos til dette, vil eg for ordens skuld nemne at underskriv­ne gjennom ein interpella­sjon, fekk eit samrøystes kommunesty­re i Kviteseid til å støtte tilrådinga om at kommunen skulle søke på klimasatsm­idlane i 2016.

Søknaden den gongen gjaldt tilskot til planleggin­g av aktuelle gang- og sykkelvega­r og ladestasjo­nar for el-bilar. Søknadssum­men var «beskjeden» og nådde ikkje opp, til fordel for andre større beløp og prosjekt.

Kviteseid kommune har følgd opp kommunesty­rets vedtak med utgangspun­kt i interpella­sjonen ved å søke på nytt i 2017. Søknaden ga utteljing ved at ein fekk 900.000 kroner til klimavenle­ge løysingar på offentlege bygg.

I dette tilfelle til leilegheit­sbygget «Husstøyl», som skal byggjast i massivt tre og miljøvenle­ge konstruksj­onar, som eit pilotprosj­ekt.

På denne måten kan eit lite parti med ein kommunesty­rerepresen­tant bringe saker til torgs og nå fram med den miljø- og klimavenle­ge politikken sin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway