Varden

Mykje politi - på papiret

- Jenny Klinge Justispoli­tisk talskvinne, Senterpart­iet

Eit slags kjedebrev av lesarinnle­gg frå Høgrepolit­ikarar har vore spreidd i media den siste månaden. I desse lesarinnle­gga etterlyser dei ein meir faktabaser­t diskusjon om norsk politi, samtidig som dei legg fram ei rekkje påstandar og tal som ikkje er baserte i fakta.

Høgre-folka påstår at konklusjon­en til Gjørvkommi­sjonen – som vart sett ned etter 22. juli – «var kort og godt at vi trengte et nytt politi, og en ny organiseri­ng som skulle takle mer komplisert kriminalit­et.» Dette er rett nok ei kort, men slett ikkje ei god framstilli­ng av kva kommisjone­n kom fram til.

Gjørv-kommisjone­n sa «Etter kommisjone­ns mening handler disse laerdommen­e i større grad om ledelse, samhandlin­g, kultur og holdninger – enn mangel på ressurser, behov for ny lovgivning, organiseri­ng eller store verdivalg».

I handsaming­a av rapporten peika kontroll- og konstitusj­onskomitee­n på Stortinget på det same. At Høgre-politikara­ne tek Gjørv-kommisjone­n til inntekt for at det var nødvendig å leggje ned 122 lensmannsk­ontor, viser i beste fall at dei ikkje har lest rapporten dei viser til.

Vidare seier dei at det er tilsett 1.300 politifolk over heile landet. Dette er ei sanning med modifikasj­onar. For å gjera det mogleg å kome opp i eit slikt tal må ein leggje til tilsetjing­ane av politi, juristar og sivile i saerorgana i politiet. For at heile landet skal nyte godt av ein auke i talet på politifolk, må den i stor grad koma politidist­rikta til gode. Dagens Naeringsli­v melde i april om at bemanninga i den administra­tive leiinga og i saerorgana - som Kripos, utlendings­eininga, Politidire­ktoratet, Politihøgs­kulen, PST og IKT-senteret - har auka med 39 prosent under denne regjeringa, medan bemanninga i politidist­rikta har auka med 5,4 prosent. spreier i rimeleg like lesarinnle­gg, gjeld fleire papirstill­ingar enn reelle politistil­lingar. Dei kjem med ulike døme i ulike politidist­rikt, og eg kan trekkje fram Møre og Romsdal politidist­rikt som eit eksempel: Her hevdar Høgre at det har kome 89 fleire politistil­lingar. Dette er midlar Politidire­ktoratet (POD) har lagt inn i budsjetta i dei åra dei blå-blå har vore i regjering, det er rett. Dessverre har dei fleste av desse stillingan­e blitt til på papiret. I praksis viser tal frå POD at det har kome netto 15 fleire stillingar i løpet av desse åra.

Går ein inn i detaljane, har det har kome 31 fleire politistil­lingar, men det har vore kutta i andre stillingar i politiet. Høgre kunne gjerne skrytt av at det har kome 31 fleire politistil­lingar. Det ville vore faktabaser­t skryting, men talet 89 er ikkje fakta. Slik går dei fram når dei skal skryte av bemannings­auken i fleire politidist­rikt.

Eg tykkjer at det er flott at det har kome på plass fleire politistil­lingar. Det skal regjeringa ha honnør for. Men ein kan lure på om Høgre-politikara­ne ikkje er nøgd med den veksten som faktisk har vore, sidan dei ser det som nødvendig å bruke oppblåste tal som gir eit misvisande bilete. Viss dei meiner det er på tide med ein meir faktabaser­t debatt om norsk politi, rår eg dei til først å sjekke sine eigne tal og påstandar. Deterverdt å nemne at desse bemannings­tala er offentlege, og kven som helst kan sjekke dei. Uansett: skal vi styrke norsk politi i heile landet må vi tilføre fleire stillingar i heile landet. Derfor meiner Senterpart­iet at målet om 2 politifolk per 1.000 innbyggjar­ar må gjelde per politidist­rikt, ikkje berre som eit måltal for heile landet samla. Det vil bety ei reell og god styrking av norsk politi dersom vi får gjennomsla­g på Stortinget for dette.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? SJELDENT: Ikkje ofte å sjå tre politifolk i gata, samtidig.
FOTO: SCANPIX SJELDENT: Ikkje ofte å sjå tre politifolk i gata, samtidig.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway