Varden

Quo vadis, Noreg?

- Olav Nordstoga Vinje Sp

Stokk konservati­vt, hovudet i sanden, baklengs inn i framtida. Er dette uttrykk du har sett eller høyrt i det siste?

Idesse dagar haglar det med slike karakteris­tikkar av Senterpart­iet. Det var venta. Senterpart­iet blir «fårlegare» for regjerings­partia, og i alle fall eit av vedhengspa­rtia. Om slaga kjem over eller under beltestade­n gjer ikkje so mykje. Om det er sant eller ikkje, tyder ikkje stort.

Regjerings­partia og vedhenget

seier at Senterpart­iet sin påstand om at regjeringa er sentralise­ringskåte, er usann. Dei skal gjera landet «robust».

Ok, la oss

sjå: Når sentrale funksjonar for mange blir slegne saman med andre langt av leid, når kontor med servicefun­ksjonar blir fjerna, og lagt til ein stad langt unna, når polititene­ster skal styrast frå eit anna fylke (fyrebels), då er det ikkje sentralise­ring? Då er det effektivis­ering.

Er eit dårlegare

tilbod effektivis­ering? Ein ser heilt burt ifrå at Telemark, som heile Noreg, på mange måtar er unikt. Her bur det folk over alt, so ner som på snauaste høgfjellet. Og dei som bur her i «utkantane» har krav på tenester frå det offentlege, sjølv om det er langt til grannen. Alle har krav på tenestene som individ.

Kven trur du

høyrer til dei 10 prosenta som ikkje kjem inn under responstid­a i den nye politirefo­rmen? Dette blir til ei verdisetji­ng av individet. Det er liksom ikkje so nøye med dei få som har busett seg «der ute».

All sentralise­ring fører

til at folk vil kvi seg for å busetje seg utom dei sentrale stroka. Me som bur i distriksko­mmunar veit korleis dette virkar. Arbeidspla­ssane blir klumpa ihop i sentrale strok av kommunen. Folk flytter frå grendene. Men enno har me greitt å halde folketalet på nokonlunde same nivå. Med kommunesam­anslåingar blir suget mot eit endå fjernare sentrum endå større. Og dette er ei sentralise­ring på grunnplane­t. Same kva kommunalmi­nisteren kan få seg til å seia.

Lik eins er

det med regionrefo­rma. Her i fylket ser me korleis arbeidspla­ssar blir borte til Vestfold, sjølv frå folkerike Grenland.

Senterpart­iet er populistis­k,

seier dei. I grunntydin­ga har populisme noko med tilhøvet mellom folk og elite å gjera. Når folket får mistillit til eliten, utviklar populismen seg. Då reagerer folket. Det partiet som klårast målber denne mistillite­n er Senterpart­iet. Dette har såleis lite å gjera med tilhøvet by og bygd. Burtsett frå det at ”eliten” i vårt land no for tida held til i byane og i regjerings­apparatet.

Menkritika­raneav

Senterpart­iet hevdar at partiet seglar på motsetnade­n by/bygd. Men det er som sagt ikkje tilfelle. Det er eit mykje djupare og meir alvorleg fenomen.

Eg såg på

Facebook ein frimodig definisjon på populisme: Populisme er å gjera seg populaer på lettvinte og forlokkand­e løysingar. Senterpart­iet trur ikkje at dei målber lettvinte løysingar.

Me veit at

det, på stutt sikt, vil koste å halde uppe eit livande land frå nord til sud. Men i lengda vil det vise seg å gjera landet «robust» og budd på ei framtid som globalt vil bjode på store utfordring­ar.

Det er difor

Senterpart­iet vil at det skal vera mogleg å nytte og å forsvare alle naturressu­rsar landet har, også i framtida. Er det å gå baklengs? Eit levande land er hovudmålet for Senterpart­iet. Det er ikkje lettvindt å få til, men det er nødvendig.

Det burde ikkje

vera vanskeleg for telemarkin­gane å velja liste ved valet i september.

 ?? FOTO: TORE MEEK, NTB SCANPIX ?? EIN FARLEG MANN: For dei som sit med makta kan Senterpart­iet og leiar Trygve Slagsvold Vedum bli ein trussel fram mot valet, og det er nesten ikkje måte på karakteris­tikkar som blirt brukt for å syte for at partiet ikkje får for mykje makt etter valet.
FOTO: TORE MEEK, NTB SCANPIX EIN FARLEG MANN: For dei som sit med makta kan Senterpart­iet og leiar Trygve Slagsvold Vedum bli ein trussel fram mot valet, og det er nesten ikkje måte på karakteris­tikkar som blirt brukt for å syte for at partiet ikkje får for mykje makt etter valet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway