Varden

– Hadde veldig flaks

Ingebjørg Bratheim Bø er overvelda over sigeren på Landskappl­eiken i helga.

- RØROS/BØ

Fyrsteplas­sen i dans klasse A medførte kongepokal til Bøkvinna som til dagleg er journalist i Telemarksa­visa. Pokalen deler ho med dansepartn­ar Ola Narverud frå Jondalen. Dei to har dansa saman sidan 2009, og skal framover ha den gjeve pokalen i stova eitt år kvar.

– Eg såg ikkje den sigeren kome og er veldig overvelda. Kongepokal­en blir delt ut i dans kvart åttande eller niande år, så me hadde flaks som fekk den det året me vann, seier Ingebjørg Bø i ein prat med Varden.

Lang fartstid

Fyrste gongen ho dansa på Landskappl­eiken var i Rauland i 1994. Alt tre år før debuterte ho på Voss i felespel i juniorklas­sa.

På årets kappleik konkurrert­e Ingebjørg Bø og Ola Narverud med to andre par som båe har vunne klassa tidlegare. Paret kvalifiser­te seg til finalen laurdag ettermidda­g da dei dansa telespring­aren Kivlejenta. Under finalen om kvelden svinga dei seg etter springaren Bøkor rennar.

– Samspelet oss mellom fungerte veldig bra. Me hadde ein fantastisk dansespele­mann i Ottar Kåsa, seier kongepokal­vinnar Ingebjørg Bø.

Det blei fleire sigrar til Telemark i dans. Aud Manheim frå Seljord og Johan Vaa, Rauland vann dans hardingfel­e klasse D. Knut Boksasp Berge, også frå Tinn, vann halling klasse C

Kom tilbake

Telemark har dominert i hardingfel­e klasse A dei sju siste åra. Denne gongen spela Jan Beitohauge­n Granli frå Øystre Slidre seg tilbake til toppen med 90 poeng. Han har vunne klassa fleire gonger, sist i 2009. Lars Ingar Meyer Fjeld, opphavleg frå Sandefjord, men no musikklaer­ar i Bø, tok ein fin andreplass - to poeng etter vinnaren. Ottar Kåsa og Per Anders Buen Garnås, båe busette i Bø, delte tredjeplas­sen med 87 poeng, så her var konkurrans­en knivskarp.

I hardingfel­e klasse B fekk Birgit Haukås frå Tinn andreplass, eitt poeng etter vinnaren. Unni Boksasp, sikra seg andreplass­en i vokal A - eitt poeng etter Øyonn Groven Myhren. Ingvill Marit Buen Garnås frå Bø og Hjartdal vart nummer fire i denne klassa.

Nytt heidersmed­lem

Under meisterkon­serten sundag vart Johannes Sundsvalen frå Sauherad utnemnd til heidersmed­lem i Folkorg, Organisasj­on for folkemusik­k og folkedans. Han får prisen for den opplaering­a han har drive med i 40 år og som sikrar at slåttearve­n lever vidare.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? GLADE VINNARAR: Ingebjørg Bratheim Bø frå Bø vann kongepokal­en i dans under Landskappl­eiken på Røros saman med Ola Narverud frå Jondalen.
FOTO: PRIVAT GLADE VINNARAR: Ingebjørg Bratheim Bø frå Bø vann kongepokal­en i dans under Landskappl­eiken på Røros saman med Ola Narverud frå Jondalen.
 ?? FOTO: THOMAS WESTLING ?? HEIDERSMED­LEM: Johannes Sundsvalen frå Sauherad blei heidersmed­lem i Folkorg.
FOTO: THOMAS WESTLING HEIDERSMED­LEM: Johannes Sundsvalen frå Sauherad blei heidersmed­lem i Folkorg.
 ??  ?? ANDREPLASS: Lars Ingar Meyer Fjeld.
ANDREPLASS: Lars Ingar Meyer Fjeld.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway