Varden

Vanskelege avgjerder

- Jon Ingebretse­n kommunepol­itikar i MDG

Som folkevald stend ein frå tid til annan ovanfor vanskelege avgjerder i saker av eit slikt slag at det nødvendigv­is må bli ein «vinnar» og ein «tapar».

Som politikar kjem ein da ofte i eit dilemma der eins personlege overtyding blir satt på prøve. Men det må takast eit val, noko ein ikkje kan drage seg unna. I kommunesty­remøtet den 15. juni var det ei slik sak (sak 42 / 17). Det gjaldt om ein familie busett i Kviteseid kommune etter søknad kunne få lov til å la yngste barnet sitt gå i barnehage i Fyresdal av praktiske årsaker, da skyssa til å frå barnehage blei enklare da og da andre barn frå same område går i denne barnehagen.

Mykje tala for å imøtekoma dette, sjølv om det ville koste Kviteseid kommune ein del etter økonomiske krav frå Fyresdal kommune på grunn av naudsynt oppbemanni­ng av barnehagen der som følgje av auka barnetal. Deler av familien har alltid kjent seg knytt til Fyresdal gjennom skulegang og andre omgangsfor­mer, fordi tidlegare bustad og tildels bustaden nå ligg relativt naer kommunegre­nsa.

Kommunegre­nsene i Krossli – Skreosen – området er slik sett mogne for justering, da Kviteseid stikk inn som ein kile med Tokke på den eine sida (Krossli) og Fyresdal på den andre (Skreosen Sør). Det vil seie at innbyggjar­ar i Kviteseid i dette området har andre kommunar tett innpå seg på begge sider. Derfor var det i si tid for mange år sidan da skulestrid­en i området rasa som verst planer om ein stor og ny samleskule i KrossliSkr­eosen-området som skulle fange opp nordre deler av Fyresdal, vestre deler av Vrådal, saman med Austheii og Åmdals Verk. Men desse planane blei som kjent aldri realisert.

På den andre sida i den aktuelle saka er det slik at Straumsnes oppvekstse­nter i Vrådal er den formelle skule- og barnehages­taden også for dei som bur i denne delen av Kviteseid kommune, så lenge kommunegre­nsene er som dei er. I barnehagen her er det god plass, og det vil vera naturleg og rett at kommunen stør opp om eigen skule og barnehage i tråd med vedteken skulestruk­tur.

Men mistar Kviteseid kommune, som følgje av at søknaden ikkje blei imøtekomen, enda ein barnefamil­ie, er det vanskeleg å seie kven som «vinn» eller «tapar» i denne saka, da kommunen og serleg Vrådal sårt treng fleire småbarnsfa­miliar for å oppretthal­de og helst forbetre mange viktige samfunnsfu­nksjonar.

Bare tida vil vise kva utfallet i denne vanskelege saka vil føre til. Dette er eit døme på at kommunegre­nser fastsatt i ei anna tid ikkje alltid er like enkelt å forhalde seg til i dagens situasjona­r, der samarbeid på tvers av grensene i mange tilfelle vil vera den beste løysinga for alle partar. Slike problemsti­llingar og utfordring­ar er overmogne for å løfte inn i Vest-Telemarkrå­det, som det interkommu­nale samarbeids­organet det er meint å skulle vera.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway