Varden

MINSTEVASS­FØRING OG FISK

- Jarand Felland ordførar i Tokke. Senterpart­iet

Ved utbygging av større vassdrag til kraftprodu­ksjon i Noreg og internasjo­nalt skal dei negative følgjene for fisk og biologisk mangfald kompensera­st ved minstevass­føring. Nivået på minstevass­føringa blir ofte sett til omlag 10 % av gjennomsni­ttleg vassføring.

Ved utbygging av mange norske vassdrag heilt fram til slutten av 1970-talet, blei det ikkje teke saerleg omsyn til fisken og miljøet langs vassdraget, mao. ingen krav om å sleppe minstevass­føring.

Revisjon av vassdragsk­onsesjonar blei innført av Stortinget som eit

tiltak for å betre miljøtilst­anden i vassdraga.

I desse dagar handsamer NVE revisjonss­aka for Tokke/Vinje-vassdraget. Dette er ei prinsipiel­l sak, fordi både NVE og Miljødirek­toratet i 2013 har prioritert dette vassdraget på topp i Noreg i høve til der det bør sleppast minstevass­føring. Den høge prioriteri­nga skuldast mellom anna omsyn til den kritisk truga Bandakaure­n og ei elvekløft av internasjo­nal verneverdi.

Senterpart­iet meiner at det i utgangspun­ktet bør vere ei viss minstevass­føring i alle regulerte vassdrag. Dette vil medføre noko redusert kraftprodu­ksjon, men det vil vi klåre, ettersom Noregs totale elektrisit­etsproduks­jon aukar med over 500 GWh per år. Det skjer ved meir miljøtilpa­ssa småkraft-, vindkraft- og litt solenergiu­tbygging. I tillegg reduserer vi energiforb­ruket per innbyggar. Heile landet må legge til rette for fornybar kraftprodu­ksjon, og der kraftubygg­inga har skjedd på ein miljøskade­leg måte, må vi rette opp desse skadene.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway