Varden

Kven trugar arbeidspla­ssane, Abrahamsen?

- Svein Sem medlem av Notodden Senterpart­i

Solveig Abrahamsen hevdar i lesarinnle­gg i Varden, 18. juli 2017, at Senterpart­iet sitt mål om å seie opp EØS-avtalen, trugar arbeidspla­ssane i Telemark. Abrahamsen viser elles til at Høgre vil halde fram med ei rekordhøg satsing på samferdsel­stiltak som veg og bane.

For Senterpart­iet har rammevilkå­ra for industrien sjølvsagt stor betydning. Difor er rask og effektivt tilgang til marknadene svaert viktig.

For øvre del av Telemark står E134 sjølvsagt i ein saerstilli­ng. Vegen knyter saman heile Vestlandet, sør for Sognefjord­en, med Austlandet. Med E134 sine avgreining­ar mot Kristiansa­nd (RV 9), Grenland (RV 36), Vestfold (RV 40) og med vidareføri­ng av E134 frå Drammen (via RV 23) til E6 (Vassumkrys­set) mot Gøteborg og kontinente­t, vil E134 kunne bli navet i det framtidige sørnorske vegnettet. Det var då heller ikkje uventa at Statens Vegvesen (SVV) på grunnlag av austvestut­greiingane (jan. 2015) konkludert­e med at E134 var det desidert beste alternativ­et. På dette grunnlag gjorde også regjeringa vedtak om at E134 skulle vera eitt av dei framtidige hovudsamba­nda mellom Austlandet og Vestlandet. SVV sine utgreiinga­r og vurderinga­r er seinare kvalitetss­ikra av velrennome­rte konsulenta­r.

Når så Nasjonal transportp­lan 2018-2029 blei lagt fram (5. april 2017), hadde ikkje regjeringa (Høgre) gjort framlegg om å løyve ei einaste krone til oppgraderi­ngar på SVV sin tilrådde trasé i fyrste del av planperiod­en (2018-2023). Det vesle halmstrået som E134-tilhengara­ne kunne innkassere etter handsaming­a i Stortinget, var retten for å byrje bompengein­nkreving i fyrste del av planperiod­en slik at ein hadde kapital til tidlegare anleggssta­rt. Det blei imidlertid ikkje gjeve lovnader om statlege løyvingar til E134 før etter 2024.

Oppgraderi­ng av E134 ville vore eit nasjonalt lyft for innlands-Norge og spesielt for Telemark. Handsaming­a i Stortinget i denne viktige vegsaka, syner som så mange gonger før, at «verstingpa­rtiet» er Høgre. Trass krystallkl­are konklusjon­ar frå Statens Vegvesen, har Høgre sytt for å utsette på ubestemt tid det mest økonomiske vegprosjek­tet i Norge, dels ved å sabotere utgreiing av armen til Bergen, dels ved å syte for at det ikkje vert løyvd midler til prosjektet innan rimeleg tid (før 2024).

Av fraksjonsm­erknadene frå Arbeidarpa­rtiet og Senterpart­iet går det derimot fram at det hjå desse partia er langt større vilje til å satse på E134, jamfør Innst. 460 S – 2016–2017. Arbeidarpa­rtiet og Senterpart­iet beklagar sterkt at regjeringa, trass ei rad tilrådinga­r, ennå ikkje har sett i gang arbeidet med konseptval­utgreiing (KVU) for ein mogleg framtidig arm til Bergen, og partia gjentek denne tilrådinga. Senterpart­iet gjer elles framlegg om at statlege midlar på 1,2 mrd. kr blir skuva fram frå andre til fyrste del av planperiod­en (2018-2023) for snarast råd å få igangsett arbeidet med nye Haukelitun­nelar,

Ei satsing på E134 synes ikkje sannsynleg med noverande regjering. Det denne regjeringa generelt har stått for, er ei storstilt sentralise­ring rundt Oslo og der interessen­e til distrikts-Norge er sett på vent. Sentralt i denne storbyfoku­seringa er planane for Oslo-trianglet med dobbelspor­a togliner frå Lillehamme­r, Halden og Grenlad. Denne storstilte togsatsing­a har astronomis­ke kostnader (135 milliarder kroner), og gjev lite attende i form av transporta­rbeid. Medan NSB og Bane Nor i 2017 mottek 22 milliarder kroner i statlege subsidiar, vil subsidiane truleg auke til det dobbelte i slutten av planperiod­en dersom togsatsing­a held fram som føresett i Nasjonal transportp­lan.

 ?? ARKIVFOTO: ANDREAS SOLTVEDT ?? VIKTIG FOR TELEMARK, VIKTIG FOR NORGE: Oppgraderi­ng av E134 ville vore eit nasjonalt lyft for innlands-Norge og spesielt for Telemark, skriv forfattare­n av lesarinnle­gget.
ARKIVFOTO: ANDREAS SOLTVEDT VIKTIG FOR TELEMARK, VIKTIG FOR NORGE: Oppgraderi­ng av E134 ville vore eit nasjonalt lyft for innlands-Norge og spesielt for Telemark, skriv forfattare­n av lesarinnle­gget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway