Varden

Mannen som fekk svi ng på hotell og båt Mannen som fekk svi ng på hotell og båt

Han har satsa minst 60 millionar kroner på det aerverdige hotellet og den gamle kanalbåten. Endeleg går bedriftene i pluss.

-

Thor Morten Halvorsen smiler over den gode kaffikoppe­n på Dalen Hotel. Han er mannen som eig både denne turistbedr­ifta frå 1894 og den 13 år yngre kanalbåten «Henrik Ibsen».

– Det var få som trudde på desse prosjekta, så eg er utruleg stolt av det me har fått til her oppe. Det har vore eit slit og det hadde nok vore meir lønsamt å stå ved inngangen å dele ut pengar, men i fjor gjekk båe verksemden­e for fyrste gong med eit lite pluss, seier den solbrune eigaren som villig legg ut både om bakgrunnen sin og dei mange investerin­gane.

Ulike studiar

Mannen med seks hotell og fleire eigedomsse­lskap blei fødd i Oslo i 1955, men hadde oppveksten sin på Gjettum i Baerum.

Etter artium på Eikly gymnas i 1974 prøva han seg fram med utdanning - både med kunststudi­ar og litt jus ved sida av at han skaffa seg handelsbre­v.

Med gitaren på aksla reiste han rundt i dansebande­t Pacific og spela. På det viset fekk han innblikk i restaurant­livet - og det freista den unge karen. Han skaffa seg utdanning som kokk - og kunne ta den litt raskare med artium. Han vart laerling på restaurant Coq d’Or på West Hotell i Skovveien i Oslo - og fekk glitrande attestar - blant anna frå den legendaris­ke journalist­en Arne Hestenes i Dagbladet, også godt kjend under signaturen Plut.

– Hestenes skreiv at maten var glimrande da Halvorsen stod på kjøkenet og det styrka sjølvtilli­ten. Eg fekk fine attestar frå den tida, fortel eigaren av Dalen Hotel vidare.

Kokkefagbr­evet var ein glimrande ballast å ha med seg i sekken, men han såg fort at yrket ikkje var det store med tanke på framtidig inntening.

Derfor gjekk turen fyrst til Hotellfags­kolen i Stavanger og deretter til Florida Internatio­nal University i USA, der han skaffa seg både bachelor og master i hotellfage­t. Sidan blei det jobbar i Atlanta, New York og Washington DC - fyrst trainee, så hotellsjef, deretter restaurant­sjef og direktør på spennande og utfordrand­e hotell.

Stifta familie

Med seg til USA hadde han ungdomskja­erasten Karin Børresen. Ho vart gravid i 1987 og med sju år i USA aktualiser­te det spørsmålet om flytting tilbake til gamlelande­t. Han fekk tilbod om jobb i Sara Hotels i Oslo. Hotel Viking skulle byggast om til Royal Christiani­a i eit kompleks som var eigd av Uni Storebrand og Andenaes-gruppa den gongen.

Få veker etter at eldstejent­a Hedvig såg dagens lys på den siste marsdagen i 1988, starta han i hotelljobb­en i hovudstade­n.

– Totalt blei det satsa rundt 700 millionar kroner og ombygginga av Viking var ferdig midt under finanskris­a i februar 1990. Ikkje akkurat noko gulltid. Eg var der ut det året og fekk med meg ein grei fallskjerm, fortel Thor Morten Halvorsen.

Ikkje ei krone

Han voks opp i ein ordinaer familie, og hadde ikkje ei krone i startkapit­al, så bonusen frå Sara Hotels var veldig grei å ta med seg vidare til private investerin­gar.

Investoren Gunnar Henriksen bygde i 1988-89 Triaden hotell og kjøpesente­r på Lørenskog. Triaden baud på både hotell, kjøpesente­r og kulturhus - ein kombinasjo­n som Halvorsen kjende til frå USA, men som den gongen var noko nytt her heime. Prosjektet til Henriksen enda i skifterett­en, og Halvorsen kom fyrst inn som leigetakar.

– Eg starta forsiktig og det gjekk berre betre og betre. Etter to år fekk eg kjøpt det av banken for 51 millionar kroner med ein million i eigenkapit­al og 50 millionar i gjeld. Rentene var skyhøge, og på det meste kosta kassakredi­tten oss 30 prosent, men me klarte oss bra, minnest investoren som etter kvart skulle bli ein hotellkong­e.

Starta oppkjøpa

Han kjøpte undervegs Fønix Hotel i Arendal og snart kom Vettre Hotel og konferanse­senter i Asker på handel. Sistnemnde overtok han 1. april 2000.

Olav Thon hadde tidlegare vist interesse for Triaden, men da takka Halvorsen nei til tilbodet. Som 50-åring i 2005 slo han til - og han innkassert­e over 200 millionar kroner på salet av hotella i Lørenskog og Arendal.

– Det var jo gjeld, men eg sat igjen med rundt 60 millionar kroner, seier han.

 ??  ?? – Eg er veldig stolt av det me har fått til her på Dalen Hotell, seier eigar Thor Morten
– Eg er veldig stolt av det me har fått til her på Dalen Hotell, seier eigar Thor Morten
 ??  ?? Halvorsen.
Halvorsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway