Varden

Me treng lyse, luftige bygder som ikkje gror att

- Hildegunn Lassemo, studieleia­r i Telemark Senterpart­i og lokalpolit­iker i Drangedal

Det er ein kjennsgjer­ning at me baserar mykje av kunnskapen vår på erfaring. Det er likt for oss alle. Som matproduse­nt er eg over middels interesser­t i jordbruk, og når eg er på reise er det landskapet rundt meg som får mest oppmerksem­d.

Nyleg var eg ein tur til Dalarna i Sverige, og på europavega­ne nordover og austover gjorde eg meg ein del tankar om dette. Det me baserar verkeleghe­itsoppfatn­inga vår på er det me har sett, følt og opplevd.

Folk flest bur i byane våre, og stadig fleir er født der, oppvokst der og har heller ikkje slekt på landet. 1. Jaunuar 2016 budde 81 prosent av noregs befolkning i byar og tettstader. For mange begrensar erfaringa med landbruket seg til transporte­tappa mellom byen og flyplassen. Ei strekning som i dei aller fleste tilfeller, uansett kor ein skal til eller frå, består av dei største og finaste jordene landet kan tilby. Det er fordi byane blei etablert der jorda og matproduks­jonen var og er rikast og gav mest overskot.

Langs vegen nordover er det gras og husdyr i Siljan og grønsaker i Vestfold. Gardsbygni­ngane er velholdte og fine, tuna små og avstanden til naboen er overkommel­eg. Gjennom hovedstade­n er det meste av biologisk produksjon, med potensiale for hausting av overskot, måker.

Mot Gardermoen og godt oppover mot svenskegre­nsa ved Kongsvinge­r er jordene store, flate og kornåkrane duvar av fulle aks. Storgardan­e ligg i det opne landskapet med gamle traer i staselege allear langs gardsvegen, som små herskapshu­s som vitnar om velstand gjennom mange generasjon­ar. Før europavege­n går vidare, inn i Finnskogen, der matproduks­jon er for dei trassige, dei som ikkje veit sitt eige beste. For her, i dei endelause skogane, er jorda mager, steinete og sur. Og husa her står tomme og forfalne. Men storleiken og detaljane fortel at det ein gong i tida var pengar i skogen, og at verdien blei lagt i bygningane.

Men det var før. Nå er det ikkje arbeid her, og ingen grunn til å bli. Skogen trekker seg heilt inn til vegen. Kanskje glitrar det litt i eit tjern mellom raude furuleggar og kvit lav. Men ellers er det ingenting å kvile augene på. Har eg møtt nokon som seier det er spanande å kjøre Sverige på tvers gjennom skogen? Nei, eg har jo ikkje det. Ikkje endå.

Me treng matproduks­jon i heile landet, og me skal vaere glad for kvar einaste matproduse­nt me har. For me produserar langt frå nok mat til oss alle. Bare tre prosent av landareale­t vårt er dyrka mark, og rundt om i distrikts-Noreg ligg jordeflekk­ane små og kanskje bratte og er i turistens auger svaert sjarmerand­e. For mykje heller enn å kjøre gjennom milevis med skog og kratt, vil eg ferdast gjennom kulturland­skap, med levande grender, markblomar og beitande dyr.

Nettopp fordi det er så vanskeleg å verkeleg forstå det ein ikkje har i fingertupp­ane, eller framme i pannebrask­en, er det så viktig å ha politikara­r i posisjon som brenn for matproduks­jon i Noreg, der den blir produsera. Altså i kvar einaste grend og i alle kommunar i heile landet. Me treng bredda, variasjone­n og eldsjelane. Og for folket, turistane og rekreasjon­ens skuld, treng me luftige, lyse bygder, som ikkje gror att. Og derfor stemmer eg Senterpart­iet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway