Varden

Investerer 70 millionar

Fruktnaeri­nga i Midt-Telemark investerer no over 70 millionar kroner.

- BØ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det opplyste dagleg leiar Bent Gurholt i Midt-Telemark Na e ring s utvikling d adel a rav Telemarks benken på Stortinget­s aman med na e ring s livs folkgjesta Bø torsdag.

– Desse investerin­gane skjer i perioden 2016-2018 og er enormt mykje. Berre i 2017 er det blitt planta over 100.000 frukttre, seier Gurholt i ein kommentar til Varden.

Slik er fordelinga

Midt-Telemark har rundt 100 aktive og dugande fruktprodu­sentar, ifølgje Gurholt. Desse produserer årleg om lag 3.000 tonn eple, 150 tonn plommer, 100 tonn morellar og rundt 50 tonn surkirseba­er.

– Eg vil tru at naeringa omset for godt over 150 millionar kroner per år, seier Gurholt vidare. Han opplyste at interessa for nyetableri­ngar generelt er blitt større i regionen. I fjor var det 69 slike førespurna­der - berre i fyrste halvår kom det 57, ifølgje Gurholt.

Politikara­ne fekk elles innsyn i planane for kunnskapsp­ark i Bø, der intensjone­n er å byggje 8.000 kvadratmet­er 4.000 dekar med naeringsar­eal og tilsvarand­e for å byggje 120 nye studenthyb­lar.

Kan bli utvida

Han la fram desse tala på Bø Hotell, som var siste stoppestad­en på den to dagar lange safarien. Den omfatta også blant anna eit besøk på bedrifta Systemblok­k i Bø.

Dagleg leiar Asbjørn Botnen ved Bø Hotell opplyste at kunnskapsp­arken er viktig for hotellet.

– Det kan bety ei utviding med 24 rom, frå dagens kapasitet på 65. Dermed får hotellet opp mot 90 rom. Hotellet blir no moderniser­t og dei lokale eigarane hentar pengar frå andre verksemder og puttar inn i vår bedrift, sa sjefen på Bø Hotell vidare.

Svikt i sommar

Som for Bø Sommarland har hotellet opplevd nedgang i besøket i sommar.

– Den er ikkje stor, men svikten er der. Det er ikkje naturleg med all blesten som regionen har fått gjennom TV-sendingane, så eg finn inga anna forklaring enn vêret, sa hotellsjef Asbjørn Botnen.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? FLEIRE INTERESSER­TE: Bent Gurholt i Midt-Telemark Naeringsut­vikling opplyser at det er større interesse for nyetableri­ngar i midtfylket.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES FLEIRE INTERESSER­TE: Bent Gurholt i Midt-Telemark Naeringsut­vikling opplyser at det er større interesse for nyetableri­ngar i midtfylket.
 ??  ?? SAFARI: Politikara­r og naeringsli­vsfolk på safari. Torsdag besøkte dei Bø.
SAFARI: Politikara­r og naeringsli­vsfolk på safari. Torsdag besøkte dei Bø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway