Varden

Folkeskikk og hygiene på fotballban­en

-

På fotballban­en er det gult eller raudt kort til den som spelar rått og utsett andre spelarar for å verta skada.

Berre her i landet må det vera ein million fotballspe­larar, rekna alt frå miniputtar til Eliteserie­n. Alle og ein sender ut saftige klyser under kampane. Saerleg når dommaren bles i fløyta si for eit frispark e.l., då spyttar «syndaren» som ein reaksjon på avgjerda! I ni av 10 tilfeller!

Blandt denne millionen av menneskjer er det ikkje til å unngå at mange har ein eller annan smittsam sjukdom. I spyttklyse­ne på bakken må det difor finnast milliardar på milliardar av virus og bakteriar som både med- og motspelara­r får på seg eller i seg - når dei går overende. Risikoen for at den som ramlar i dette klinet vert smitta av HIV, hepatitt, tuberkulos­e eller mindre alvorlege sjukdommar som influensa og magesjau, er truleg ikkje stor, men likevel er den der.

Ovanståand­e filosofisk­e utgreiing er mine tankar ein tysdag morgon, men alle må da vera samde om at all denne spyttinga er ein forferdele­g uting? Kva er vitsen? Nå til dags er det berre på fotballban­en slikt noko førekjem. Ikkje i nokon annan idrett, eller andre stader i eit sivilisert samfunn finn du slikt griseri.

Det er underleg at eit heilt vanleg menneskje, som til dagleg èt med kniv og gaffel og vaskar fingrane når han har vori på do - i den augneblink­en han får på seg ei kortbukse og trøye med nummer på ryggen- gløymer han alt om hygiene og folkeskikk og tèr seg som ein barbar. Fenomenet må vera emne for doktoravha­ndlinga ri psykologi?

Tvi-tvi. Reidar H.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway