Varden

Fekk storkontra­kt

Østlandske Vei og Betong AS (ØVB) har fått ein kontrakt med Oslo kommune på 100 millionar kroner.

- BØ/OSLO ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Bøheringen Ingemar Bråten er både storaksjon­aer og administre­rande direktør i dette entreprenø­rselskapet.

– Dette er ei rammeavtal­e over to år, med opsjon på yt- terlegare to år, der firmaet vårt skal utføre ulike jobbar i sjiktet 0-5 millionar kroner, 5-10 millionar og 10-15 millionar kroner, opplyser Ingemar Bråten til Varden.

– Kontrakten handlar om alt av vegar /samferdsel i Oslo utanom spor. Det er moro å få kontrakten, og den er viktig for oss. Kontrakten sikrar jobbane vidare, så me er veldig fornøgde, legg han til.

Mange telemarkin­gar

Ifølgje Bråten har ØVB rundt 20 tilsette, og fleire av desse er telemarkin­gar har arbeidet sitt i Oslo.

– Desse bur i Telemark og skattar til kommunen sin. Eg sjølv bur i Bø og skattar til bygda, seier Ingemar Bråten.

Han vedgår at det har vore tøffe år i entreprenø­rbransjen. ØVB omsette i fjor for 33 millionar kroner og fekk eit underskot på 1,5 millionar kroner.

Bråten var med og stifta bedrifta for vel 14 år sidan og har 27,6 prosent av aksjane gjennom selskapet Bråten Eiendom. ØVB hadde ved inngangen til dette året samla aktiva på 13,3 millionar kroner og ein bokført eigenkapit­al på 4,3 millionar kroner.

Lønnsam utleige

Forretning­smannen Bråten kan derimot smile breitt over utviklinga i anna selskap, nemleg Hire Norway AS, der han og Geir Tormod Holte har 28,5 prosent kvar av aksjane. Desse er eigd gjennom eigne investerin­gsselskap. Hire Norway, som også er lokalisert i Oslo, driv med utleige av arbeidskra­ft og utstyr. I fjor omsette selskapet for 91,5 millionar kroner - meir enn ei dobling frå føregåande år.

Det ti år gamle selskapet er økonomisk svaert lønnsamt. Hire Norway oppnådde nemleg eit overskot før skatt på i overkant av sju millionar kroner i fjor, mot i underkant av 400.000 kroner i 2015. Selskapet har ein samla kapital på naer 27 millionar kroner - eigenkapit­alen er på 5,9 millionar kroner.

Null utbytte

Trass i det solide overskotet, delte ikkje selskapet ut fem øre i utbytte til aksjonaera­ne i fjor. Alt vart pløgd tilbake i selskapet.

Familiesel­skapet Bråten Eiendom AS omsette for 596.000 kroner i 2016 og oppnådde eit overskot på 728.000 kroner.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? GLAD: Ingemar Bråten er både storaksjon­aer og administre­rande direktør i Østlandske Vei og Betong AS som har fått ny kontrakt med Oslo kommune.
FOTO: HALVOR ULVENES GLAD: Ingemar Bråten er både storaksjon­aer og administre­rande direktør i Østlandske Vei og Betong AS som har fått ny kontrakt med Oslo kommune.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway