Varden

Kronene trillar inn

Konsernet Telemark Bilruter (TBR) tente nesten 16 millionar kroner i fjor. Bussar og bilar i selskapet køyrde over ni millionar kilometer.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Styret skriv i årsrapport­en at dei er godt fornøgd med resultatet for Telemark Bilruter.

Variert verksemd

Morselskap­et åleine tente naer sju millionar kroner medan driftsinnt­ektene utgjorde i underkant av 140 millionar kroner. Konsernet, som omsette for naer ein kvart milliard kroner, har ei variert verksemd. Overskotet i fjor før skatt på naer 16 millionar kroner var vel ein million lågare enn i 2015. Netto finanspost­ar på 1,4 millionar kroner pynta opp i rekneskape­n.

I konsernet er Telemark Godslinjer AS (TG) eit viktig dottersels­kap - der TBR eig direkte 65 prosent av aksjane. Dette selskapet driv med transport for Schenker, Bergene Holm og Renovest. TG omsette for over 67 millionar i fjor, og overskotet på 3,9 millionar kroner var ein million høgare enn føregåande år.

Sentrale i Grenland

To andre dottersels­kap, Telemark Transports­ervice og Telemark Transport & Spedisjon, båe lokalisert på Kjørbekk i Skien, driv hovudsakle­g med distribusj­onskøyring for Schenker i Grenland og Vestfold. Vidare er Skiens-avdelinga ein stor aktør på konteinark­øyring. Dei to selskapa omsette for til saman 40 millionar og skapte eit overskot på over 2,5 millionar kroner. Telemarkek­spressen og Haukelieks­pressen er dei mest kjende verksemden­e til Telemark Bilruter. Inntektene deira går inn i Telemark Ekspressbu­sstrafikk AS. Dette heileigde dottersels­kapet omsette for naer 60 millionar kroner. Overskotet på 2,2 millionar kroner var eit lite hakk under føregåande år, men må nok sjåast i samanheng med at selskapet i fjor haust sette i gang med ruter kvar halvtime mellom Bø og Skien. Ei slik satsing kostar i startfasen.

På flyttefot

Telemark Bilruter er elles på flyttefot. Selskapet har inngått ei opsjonsavt­ale om kjøp av eit område på 70 dekar mellom Bygadaråi og E134 i Nordbygdi i Seljord.

Disponent Svein Olav Straand i seier i ein kommentar til varden at han er godt fornøgd med resulattet, og at det var eit normalt år. Straand peikar på at dotteselsk­apa går godt, og at lågare drivstoffu­tgifter i 2016 slo svaert positivt ut for selskapet.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? OVERSKOT: Ekspressbu­ssane til Telemark Bilruter går med overskot. For eitt år sidan starta disponent Svein Olav Straand opp med avgangar kvar halvtime på Telemarkek­spressen mellom Bø og Skien. Telemark Bilruter har hovudkonto­r i Seljord og avdelingar i...
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES OVERSKOT: Ekspressbu­ssane til Telemark Bilruter går med overskot. For eitt år sidan starta disponent Svein Olav Straand opp med avgangar kvar halvtime på Telemarkek­spressen mellom Bø og Skien. Telemark Bilruter har hovudkonto­r i Seljord og avdelingar i...
 ??  ?? SOLID: Disponent Svein Olav Straand kan skilte med ein eigenkapit­al på over 90 millionar kroner. Selskapet er botnsolid.
SOLID: Disponent Svein Olav Straand kan skilte med ein eigenkapit­al på over 90 millionar kroner. Selskapet er botnsolid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway