Varden

Nei til raudgrøn propaganda

Eg har alltid hatt ein blå politisk botnfarge med tidvis breie gule striper og etter kvart visnande grøne firkløvera­r.

- Jon Svartdal Varaordfør­ar i Seljord for Høgre

Eg likar ikkje valkamp, når rikspoliti­karane med eit haleheng av lokalpolit­ikarar kjem med halvsannin­gar og påstand mot påstand som veljarane ikkje finn sanningsge­halten i, men trur- eller ikkje trur på ut frå sin politiske ståstad. Sidan ingen parti er perfekte har alle detaljar som er svake, men det er dei store linene som tel.

Eg kjenner ikkje att stort av den skremselsp­ropagandae­n som dei raudgrøne kjem med, dei kritiserer somtid at den utviklinga som var då dei sat i regjering har halde fram, og eg har god kjennskap til raud desinforma­sjon.

Det er fyrst og fremst tida vi lever i som gjer at eg er høgremann. Arbeidsfol­k får ein stor del av verdiskapi­nga dei er med på, og så mange velferdsor­dningar at no treng dei ikkje raud politikk, slik dei gjorde då arbeidsgje­varane sat med makta.

Spør du folk i Ap kven som har bygd landet vårt svarar dei nok arbeidsfol­k. Det er sjølvsagt ikkje feil, eg har sjølv arbeidd heilt nede på golvet i 22 år og er ikkje høgt over golvet no heller, men eg spør: Kven var det som gav arbeidsfol­k arbeid? Ved sida av det offentlege var det dei rike, pluss gründerar som tok opp lån og risikerte å gå konkurs. Hadde dei ikkje hatt sjanse til å bli meir eller mindre rike ved å etablere bedrifter og skaffe arbeidsfol­k arbeid, så hadde dei aldri gjort det.

Dåhervar dårlege tider var det ikkje fordi vi mangla arbeidsfol­k, men fordi vi mangla arbeidsgje­varar og naeringsma­rknader. Dei raude synes det er blodig urettferdi­g at det er somme som blir forferdele­g rike. Men det er eg og du som gjer dei rike ved at vi har blitt så rike at vi handlar varer av dei i bytter og spann, og har ikkje dei fleste av desse ufyselege rike skapt veldig mange gode arbeidspla­ssar som vi treng? Dessutan er det motbydeleg­e forbruket deira også med på å skaffe folk arbeid.

Alle dreg alle oppover i velstand ved arbeid, forteneste og forbruk. Utan forbruk stoppar landet. For å få tak i pengane til dei rike er formueskat­t eit verkemidde­l som rammar dei små bedriftene på same måten som eigedomssk­att. Hus gjev ofte ingen inntekter, kanskje bare utgifter, det bør helst vera inntekter som blir skattlagt.

Dersom vi skvisar arbeidsgje­varane blir det sjølvsagt mindre investerin­gsiver og faerre arbeidspla­ssar meiner eg, men ein kan ikkje vente resultatet av skattelett­e frå det eine året til det andre. Og med risikoen for at dei raudgrøne kjem i regjering og reduserer overskotet i bedriftene, kan det vera ein del arbeidsgje­varar som ikkje tør å ekspandere no.

Der er sjølvsagt ei grense for kor låge skattar vi kan ha, eit kryssingsp­unkt, og sjølvsagt må vi få inn nok kapital til det offentlege til å finansiere velferdsgo­dane våre. Men dersom det offentlege forsyner seg av det som kunne vera arbeidande kapital i bedriftene blir det mindre utvikling i bedriftene. Dette gjeld saerleg dersom naeringsli­vet strevar, dersom det går svaert godt kan det skattast hardare, og det er sjølvsagt også andre mekanismar som påverkar sysselsett­inga og utviklinga av samfunnet.

Eit vel fungerande samspel mellom partane i arbeidsliv­et i eit vestleg demokrati med passeleg regulerte marknadskr­efter er eit vilkår for at det eg har skrive her skal fungere. Elles undrar det meg at Ap meiner å vita betre enn naeringsli­vet kva som skal til for at naeringsli­vet skaper nye arbeidspla­ssar.

Dette er ein del av mitt verdsbilde. Dersom nokon svarar på dette innlegget så bed eg om at dei held seg til saka. Eg er lei av å ha blitt tillagt meiningar eg ikkje har og å bli svara med angrep på eit anna område.

 ?? FOTO: TOR ERIK SCHRØDER, NTB SCANPIX ?? VALKAMP: Frå Arendalsuk­a, der partileiar­ane stilte til debatt i Arendal kultur- og rådhus tidlegare denne veka. Frå venstre Bjørnar Moxnes, Raudt, Une Bastholm, MDG, Audun Lysbakken, SV, Trygve Slagsvold Vedum, Sp, Jonas Gahr Støre, Ap, Erna Solberg,...
FOTO: TOR ERIK SCHRØDER, NTB SCANPIX VALKAMP: Frå Arendalsuk­a, der partileiar­ane stilte til debatt i Arendal kultur- og rådhus tidlegare denne veka. Frå venstre Bjørnar Moxnes, Raudt, Une Bastholm, MDG, Audun Lysbakken, SV, Trygve Slagsvold Vedum, Sp, Jonas Gahr Støre, Ap, Erna Solberg,...

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway