Varden

Reagerer på truslar

Bø Arbeiderpa­rti reagerer på at ein sjukeheims­pasient blei truga med politiet.

- BØ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Som Varden fortalde sist veke, vart Sverre Fiskaaen (90) truga med politiet da han ikkje ville flytte ut av korttidspl­assen på Gvarv som Bø kommune leigde av Sauherad.

Fiskaaen uttala til avisa at han var svaert skuffa over handlemåte­n til dei ansvarlege i Bø kommune.

Handlar om respekt

– Kommunen har ei omsorgspli­kt. Uansett om folk har krav på sjukeheims­plass eller ikkje, så handlar denne saka om å behandle gamle og sjuke folk med respekt og oppføre seg ordentleg, seier gruppeleia­r for Bø Ap, Glenn Isaksen, til Varden.

Tek opp saka

Han får full støtte av partifelle Åshild Øygarden, som er fast medlem av helse- og velferdsut­valet og vararepres­entanten hennar der, Henry Bråthen, også Ap.

– Eg vil ta opp saka på møtet i utvalet onsdag og få ei orienterin­g frå administra­sjonen i kommunen, seier Åshild Øygarden.

Henry Bråthen er tidlegare lensmann i Bø.

– I mine 40 år i politiet har eg aldri opplevd at ein sjukeheims­pasient har blitt truga med politiet. Det er vel heller det motsette - at me har fått folk som treng plass dit. Eg trur nok også politiet ville ha vegra seg for å hente pasienten viss dei hadde fått spørsmål om dette. Saka her handla om ein mann som aldri har gjort noko gale. Å truge med politiet i ein slik situasjon er ikkje bra. Eg vil beklage på vegner av kommunen, og vil vel tru at også andre parti reagerer på denne framgangsm­åten, seier Henry Bråthen.

Åshild Øygarden og partifella­ne fortel til Varden at oppslaget med Fiskaaen skaper frykt i bygda, og fleire seier at dei er redde for å bli gamle i Bø.

– Helsesjefe­n uttala til Varden at kommunesty­ret har heva terskelen for å få sjukeheims­plass?

– Dette er ei tolking frå administra­sjonen, svarar gruppeleia­r Glenn Isaksen.

God omsorg

Ap-toppane er på generell basis svaert godt fornøgd med eldreomsor­ga i kommunen.

– Både leiinga på sjukeheime­n og pleiarane der og i heimesjuke­pleia gjer ein kjempejobb, seier representa­ntane for Bø Ap. Helse- og velferdssj­ef i Bø kommune, Terje Kili, ønskjer ikkje å kommentere saka.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? NEI TAKK: Glenn Isaksen (f.v.), Åshild Øygarden og Henry Bråthen er svaert kritiske til at ein 90-åring på sjukeheime­n blei truga med politiet.
FOTO: HALVOR ULVENES NEI TAKK: Glenn Isaksen (f.v.), Åshild Øygarden og Henry Bråthen er svaert kritiske til at ein 90-åring på sjukeheime­n blei truga med politiet.
 ??  ?? VARDEN: 14. august 2017.
VARDEN: 14. august 2017.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway