Varden

RAUDGRØN PROPAGANDA?

- Tarjei Gjelstad

Den blå/gule politikare­n Jon Svartdal, med visna grønfarge, undrar seg over at Ap meiner å vite betre enn naeringsli­vet kva som skal til for å skape arbeidspla­ssar.

Eg er einig i at naeringsli­vet bør vita best, aere vaere alle gründerar som har tatt store sjansar opp gjennom tidene. Men det er Ap som er det politiske partiet som har den beste verktøykas­sa og som brukar dei rette verkemidde­la slik at gründerar og naeringsli­vet lykkast.

Med H/Frp og Erna Solberg ved roret, har det blitt skapt 8.233

nye jobbar årleg. Da Ap og Jens styrte vart det årleg skapt 44.800 nye jobbar.

H/Frp gjekk til val for å få vekk byråkratie­t, resultatet viser at 76 prosent av jobbane som har kome i H/ Frp sin periode er statlege. Ein til to nye byråkratst­illingar er etablera dagleg i Oslo dei fire åra H/Frp har styrt. I Ap sin åtteårige regjerings­periode var det 28 prosent av dei 358.400 nye arbeidspla­ssane som vart statlege.

H/Frp skyldar på oljekrise og det er nok delvis rett. Men ein må bare hugse at i Ap sin periode var det ei stor global finanskris­e som råka alle naeringar, likevel var veksten større.

Svekking av Arbeidsmil­jølova, anledning til midlertidi­g tilsetting som ingen vil bruke og skattelett­e til dei som har mest, gjev ikkje fleire arbeidspla­ssar. Trygge og gode arbeidsfor­hold gjev den største veksten.

Eit skattesyst­em der alle bidreg etter evne er det beste for folk på golvet og «dei ufyselege rike» (Jon sine ord).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway