Varden

Korleis produsere maten?

- Kari Tellefsen Leiar Telemark Bonde- og Småbrukarl­ag

Korleis påverkar klimaendri­ngane matproduks­jonen? Og kva skal det norske landbruket førebu seg på?

For nokre år sidan var det von om at den globale oppvarming­a ville auke norsk matproduks­jon. I dag er endringane i gjennomsni­ttstempera­tur mindre interessan­te. Det viktigaste er utsiktene til meir ekstremvêr: tørke, flaum, storm; og regionale endringar i nedbørsmøn­steret.

FAO seier at

det er behov for å auke den globale produksjon­en med 60 prosent fram til 2050. FNs klimapanel seier at kvart tiår vil dei globale avlingane gå ned med mellom 0 og 2 prosent som fylgje av klimaendri­ngar. Dette skjer samstundes som etterspørs­elen etter mat aukar med 14 prosent kvart tiår.

I ein britisk

rapport frå 2015 blir det synt til at risikoen for alvorleg avlingssvi­kt aukar som fylgje av meir ekstremvêr og konsekvens­ane kan bli saerleg store dersom det sviktar fleire stader samstundes («produksjon­ssjokk»). Slike sjokk kan utløyse stor økonomisk, politisk og sosial uro, og såleis setje i gang hendingsre­kkjer som det i dag er umogleg å sjå rekkjevidd­a av. Rapporten modellerer nokre scenario, men understrek­ar at det er bruk for mykje meir forsking på feltet.

Mesteparte­n av dei

globalt viktigaste matvarene (mais, soya, kveite og ris) blir produsert i nokre få store produksjon­sland. Derfor vil ekstremvêr i kvart av desse landa kunne få stor verknad på den globale matproduks­jonen, (jf. 1989-90: soya og mais; 2002-03: kveite i Europa, Russland og Kina). Til sterkare eit land har knytt matforsyni­nga til det internasjo­nale handelssys­temet, til meir sårbart er det.

Historisk har kornproduk­sjonen

vore akilleshae­len i den norske matforsyni­nga. Produksjon­en svingar mykje med vêret, men auka jamt i ein lang periode fram til 1990, men har deretter gått ned. Dei siste åra har vêret vore bra, og produksjon­en har auka noko. Ut frå eit beredskaps­perspektiv er det negativt at kornareale­t og kornproduk­sjonen er låg og lagring av korn er minimal.

I Noreg er

det 1,9 daa dyrka jord per innbyggjar – av det lågaste i verda. Kornareale­t er 0,6 daa/person, matkorn 0,15 daa. Arealprodu­ktiviteten er over gjennomsni­ttet i dei rike landa. 96 prosent av arealet er tilgjengel­eg for matproduks­jon gjennom beitedyr. Landet omfattar mange klimasonar og i den grad me har landbruk over heile landet, står produksjon­en seg derfor godt mot flaum, tørke og uvêr.

Utviklings­trekk i norsk

landbruk: Me har stadig redusert sjølvforsy­ningsgrad - 40 prosent eller mindre, bruksnedle­gginga held fram, dyrka areal går ut av drift og evna til å bruke arealressu­rsane i alle delar av landet blir svekka. I tillegg er kjøt- og mjølkeprod­uksjonen meir avhengig av importert fôrråstoff og kraftfôr og matvarepro­duksjonen blir konsentrer­t i faerre geografisk­e område.

Bonde- og Småbrukarl­aget

ynskjer å stille fylgjande spørsmål til stortingsk­andidatane:

Meiner du at me i Noreg skal produsere mest mogeleg av maten me treng basera på eigne ressursar?

Meiner du at inntektsga­pet mellom bønder og andre yrkesgrupp­er skal reduserast i kroner?

Meiner du at driveplikt­a av jordbrukse­igedomar skal skjerpast?

Meiner du at det bør bli betre lønsemd for drift av små gardar og vanskeleg areal? Meiner du at det er for mange rovdyr i Noreg? Meiner du at vi skal ha beredskaps­lagring av korn?

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX ?? NORSK MAT: Kva må det norske landbruket førebu seg på, spør bonde- og småbrukarl­aget.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX NORSK MAT: Kva må det norske landbruket førebu seg på, spør bonde- og småbrukarl­aget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway