Varden

Kvifor stanse ved 36 ulvar?

- Olav Ettestad

Kvifor stanse ved 36 ulvar, det er nå blitt så store mengder av ulv her i landet at nå må me ta ut 36.

Det må Berit Helberg og forstå som kan så mykje teori om ville dyr. Praksisen er det vel smått med. Du har vel ikkje klipt ulla av ein sau eller skåte ein trist.

Idag vil eit

flertal av oss ha ulv her i landet. Vonar at Berit Helberg ikkje har den same meininga som dei fleste på Stortinget har om at ulven alltid har høyrt til her i landet. Det kjenner du til om du vil skrive det du veit.

Ulven er eit

streifdyr og har mange ganger kome som ei bylgje inn frå Russland via Finland og Sverige. Det er nå ca. 200 år sidan det var streifulv i Drangedal. Brukar ein augo og kjenner det norske viltet me har, kan ein tydeleg sjå at ulven kkje høyrer til her i landet.

Den er ikkje

som alt anna vilt me har som naturleg går inn i den norske naturen. Tildømes fyrebuer dei seg på vinteren på mange måter.

Ulven tenker ikkje

på vinteren, men tar alt av unggdyr og fugleunger om sumaren. Ja, den rydder ut alt viltet i skogen og si eigen mat. Det viser igjen at ulven ikkje høyrer til her. Luktesanse­n er for god og ulven for stor og treng mykje mat. Men eit pluss skal ulven ha. Den yngler ikkje når det er lite mat.

Då ulven bare

har vore her av og til må Bernkonven­sjonen ha blitt feil underretta av nokon som trur at ulven er eit norsk vilt som alltid har vore her.

Eg vonar og

at dei som styrer her i framtida ikkje godkjennar at eindel blir plaga av ulven som idag. Ingen kan eller vil bu i saman med ulv, men må flytte vekk der ulven er freda.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway