Varden

Gode ord, men ikkje pengar

- Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset og Nicolai Østhus Vegforum Øst–Vest

Leiar i Stortinget sin transport- og kommunikas­jonskomité, Nikolai Astrup, hevdar i lesarinnle­gg i Telemarksa­visene 23. august at Høgre vil vera garantist for at Nasjonal transportp­lan vert gjennomfør­t i Telemark, jamfør Meld. St. 33 (2016 – 2017) og Innst. 460 S (2016–2017).

Etter som regjerings­partia ikkje har gjort framlegg om å løyve ei einaste krone til prosjekt, som inngår i Statens vegvesen sin anbefalte trasé for E134 før i siste del av planperiod­en (202429), er lovnadene frå Nikolai Astrup, etter vår oppfatning, heilt uforplikta­nde og har avgrensa verdi.

Når vi samstundes

veit at det fyrst skal avviklast 2 stortingsv­al, ja kanskje 3 stortingsv­al, før den fyrste statlege krona kjem på plass til finaniseri­ng av nye Haukeli-tunnelar, er regjeringa si flagging av E134 som å kaste blår i augo på dei mange i distrikts-Noreg som sårt treng eit betre aust-vestsamban­d.

Høgre hevdar generelt

å vektlegge prinsippet om utbygging etter samfunnsøk­onomisk lønnsemd, men har i praksis sytt for at det desidert mest lønnsomme aust-vestsamban­det er sett bakerst i køen. Høgre har då også neglisjert krystallkl­are vegfaglege råd frå Statens vegvesen, mellom anna framlegget om å igongsette ei konseptval­utgreiing for armen til Bergen, og såleis medverka til å undergrave E134.

Av merknadene til

Nasjonal transportp­lan frå transporto­g kommunikas­jonskomité­en går det fram at Arbeidarpa­rtiet og Senterpart­iet syner ein langt større vilje til å satse på E134 enn regjerings­partia. Senterpart­iet gjer mellom anna framlegg om at arbeidet med nye Haukeli-tunnelar vert starta opp i fyrste del av planperiod­en (2018-2023) og at statlege midlar på 1,2 mrd. kr blir framskuva for å finansiere ein forsert anleggssta­rt.

Vegforum Øst-Vest noterer

elles at stortingsr­epresentan­t, Geir Bekkevold, KrF, går ut i Telemarksa­visene 23. august 2017, med framlegg om at E134 vert overført til Nye Veier AS sin portofølge. Vegforum Øst-Vest støttar framlegget frå Geir Bekkevold. Etter som regjeringa synes å ha gjeve Nye Veier AS betre rammevilkå­r enn Statens vegvesen, vil overføring av E134 til Nye Veier AS kunne vera det som skal til for å bringe vegen ut av den bakevja den no er komen opp i.

På den eine

side vert det i Nasjonal transportp­lan sagt mykje positivt om E134 sitt potensiale i det norske vegnettet, men utan at stortinget tek konsekvens­ane av det som vert sagt. Erkjenning­a av E134 sin viktige rolle i det frmtidige norske vegnettet kan ein mellom anna sjå ved at ein samla transport- og kommunikas­jons-komité slutta seg til framlegget om å forlenge E134 frå Drammen og austover ved at RV 23 vert omklassifi­sert og tilkopla E6 (ved Vassumkrys­set).

Vegforum Øst-Vest meiner

at E134 vil vera eit naturleg supplement av portofølge­n til Nye Veier AS, og vil innebaere at E134 vert oppvurdert og prioritert som dei øvrige vegane i Nye Veier AS sin portofølge (E6 Trøndelag, E6 Mjøsregion­en, E18 Sør-Østlandet og E39 Sør-Vestlandet). Vegforum Øst-Vest vil saerskilt framheve Nye Veier AS sin fokus på heilskapel­eg planleggin­g og utbygging, samt vektleggin­g av samfunnsøk­onomisk lønnsemd, inkludert netto ringverkna­der som trafikktry­ggleik og samfunnstr­yggleik.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway