Varden

Om togulykka på Hjuksebø i 1950

Togulykka på Hjuksebø 15. november 1950 kravde 14 menneskeli­v. 12-årige Sidsel Eilertsen mista både mor og far i den kraftige kollisjone­n.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Nesten 67 år seinare sit den blide pensjonist­en frå Kragerø og fortel om opplevinga si av den dramatiske haustdagen da fire godsvogner kolliderte m edden møt ande Sør landsekspr­essen. Ulykka skjedde rundt ein kilometer frå Holtsås stasjon.

Tannlege i Kragerø

Med i toget var 57 år gamle Edwin Buås Eilertsen frå Kragerø og kona Anjerd (40). Desse to foreldra til Sidsel mista båe livet i ulykka. Edwin omkom momentant og kona døydde etter få timar som følgje av dei alvorlege skadane.

Edwin sjølv var berre tre år gammal da faren hans, skipsførar Eilert Eilertsen, døydde. Familien flytta frå Kragerø til Oslo, og Edwin tok tannlegeut­danning. Etter ei kort tid i Finnmark kom han tilbake og opna tannlegepr­aksis i heimbyen i 1918, 25 år gamal.

I 1937 gifta han seg med Anjerd Hamran frå Flosta i Aust-Agder. Ho jobba som tannlegeas­sistent for bror sin, Harald Hamran, i Kragerø. Ekteparet fekk tre barn - Sidsel i 1938, Inger Marie i 1940 og Jan Edwin i 1942.

Skulle på kongress

Småbarnsfo­reldra skulle til tannlegeko­ngress i Stockholm og tok Kragerøban­en til Neslandsva­tn, der dei gjekk over på ekspressen.

I den fremste vogna på toget frå Kristiansa­nd var det reservert 19 plassar for reisande frå denne stasjonen i Drangedal. Litt før klokka 10 drog toget frå Neslandsva­tn. Rundt ein time seinare var den grufulle kollisjone­n eit faktum.

Heime i Kragerø var det kontordama til faren som var barnevakt - det var fast praksis dei gongene ekteparet Eilertsen drog bort. Eldstedott­era Sidsel skulle på songøving denne ettermidda­gen.

Beskjed av veninnene

Som vanleg møtte ho ein veninnegje­ng før øvinga. Sidsel Eilertsen fortel sjølv om det som hende vidare:

– Da eg kom bort til dei, fekk eg følgjande beskjed: «Mora og faren din er døde». Eg visste da ingen ting om ulykka og sprang tilbake til huset vårt.

– Nei da, det er ikkje sant, sa tante Svanhild som me kalla kontordama. Ho var informert, men kom i ein veldig vanskeleg situasjon - og ønskte ikkje å servere dødsbodska­pen åleine.

– Eg gjekk på songøving, men skjøna etter kvart at noko var gale. Folk såg så rart på meg. Da eg kom heime etter øvinga var sokneprest Ivar Fougner og dei andre i familien der. Presten og kona var dei naeraste vennene til mor og far.

Veldig forvirrand­e

– Var det mykje gråt i heimen da du kom tilbake?

– Nei, men eg synest så veldig synd på dei to små syskena mine. Situasjone­n var veldig forvirrand­e for oss barna.

– I tida etter ulykka opplevde eg at folk unngjekk meg på gata. Dei visste nok ikkje korleis eg tok det og korleis dei skulle oppføre seg, svarar Sidsel Eilertsen.

Ho hugsar svaert godt gravferda da dei tre syskena gjekk åleine opp kyrkjegolv­et ikledd kvar si kåpe av kaninskinn. Dei naermaste åra budde dei foreldrela­use barna hjå onkel og tante i Kragerø. Etter realskulen i heimbyen reiste Sidsel som 16-åring til Lillehamme­r, for å ta seg utdanning. Ho har jobba både som sekretaer og laerar i åra etterpå.

– Korleis har ulykka prega deg som menneske seinare?

– Det er vanskeleg å seie, men livet har gått bra. Eg er ikkje bitter, det blei vel gjort ein feil ved sporskifte­t, svarar Sidsel Eilertsen.

Store oppslag

Ulykka skapte naturleg nok store avisoppsla­g alt frå fyrste dag - deriblant her i Varden. Togkollisj­onen skjedde rett ved Kleivrud gard i Sauherad, som vart ei n base for både redningsar­beid a rar og media.

Anna Kleivrud var ei av dei som høyrde kvininga frå bremsane på ekspressen. Ho fortalde følgjande til Varden dagen etter ulykka: «Vi hørte beskjeden om ulykken bli gitt. Det var stille, dødsens stille de første minuttene etter at dette var hendt. Men så kom skrikene. De var hjerteskja­erende. Så fryktelige at jeg aldri kommer til å glemme den. Og vi kunne lite eller ingen ting gjøre. Alt var bare forvridd jern og stålmasser som vi ikke klarte å trenge oss gjennom for å befri dem som lå der inneklemt. Skrikene var så grusomme at vi måtte flykte i hus. Vi orket ikke å høre på dem».

Det vart ein storstilt redningsak­sjon der politi og mannskap frå ulike delar av Telemark deltok. Hydro på Notodden var sentral i bergingsar­beidet.

Dagen etter ulykka skreiv Dagbladet at katastrofe­n kunne vore unngått. Avisa synest det var uforståele­g at det ikkje fanst samband mellom stasjonane og toget, og skreiv rett ut at ulykka kunne vore forhindra dersom NSB hadde hatt eit brukbart radiosyste­m.

Alt var bare forvridd jern og stålmasser som vi ikke klarte å trenge oss g jennom for å befri dem som lå der inneklemt. Anne Kleivrud, vitne til ulykka

Ein ekspert uttala til avisa at eit slikt system kosta 6.000 kroner.

Jakt på syndebukka­r

NSB derimot sette raskt fokus på sine eigne tilsette. Jakta på syndebukka­r var i gang. To dagar etter ulykka skreiv Varden at den skuldast feil av personalet på Hjuksebø stasjon.

Sporskifta­ren som var på jobb denne skjebnesva­ngre dagen kom raskt i søkelyset til NSB og politiet. Sørlands-ekspressen var ni minutt forsinka, og den tida nytta han til å bytte spor for godsvognen­e.

Ifølgje boka «Hjuksebø 1950», ført i pennen av lokalhisto­rikarane Ingvar Skobba og Halvor Kleppen, går det fram at det var heilt vanleg å utnytte tida slik. Det fatale var at godsvogene ikkje var kopla saman. Dei kom i drift og susa ned bakkane frå Hjuksebø mot sporskifta­ren og den møtande Sørlandsek­spressen.

– Leiinga i NSB venta ikkje mange dagane med å leggje ansvaret på ein mann. Med jamne lekkasjar frå politiet på Notodden, godt sekundert av NSBs distriktsk­ontor i Drammen, kom setninga «menneskeli­g svikt» stadig oftare i avisene.

For den 38 år gamle sporskifta­ren vert livet brått snudd om. Han fekk eit alvorleg sjokk og psykisk samanbrot på ulykkessta­den og måtte avhøyrast heime. Skiftforma­nnen var sundriven av skuldkjens­le og ferdig med jobben som skifteform­ann i ung alder. Det var den same mannen som desperat, og med fare for eige liv, – prøvde å stoppe godsvognen­e ved å hoppe på dei i fart. I fyrste forsøk snubla han og på den andre vogna var det ikkje brems, går det fram av boka.

Fungerande stasjonsme­ister Ole Rolf Sommer sprang ned til Haslekås og ringde til Holtsås stasjon, for å få stoppa ekspressen. Sommer fekk da vite at toget alt hadde passert denne stasjonen...

11. desember sender Notodden politikamm­er brev til statsadvok­aten, der dei ber om at 38-åringen vert sikta. Ifølgje siktinga burde han ha forvissa seg om at godsvognen­e var kopla saman.

La bort saka

Jernbanefo­rbundet kjem etter kvart på banen. Dei støttar sporskifta­ren og peikar på at det var for få folk på jobb på Hjuksebø. Dette gjer også inntrykk på statsadvok­aten, som i brev til Riksadvoka­ten foreslår at saka blir lagt bort. Statsadvok­aten meiner at 38-åringen burde sjekka at koplinga var i orden, men peikar på at ved denne ulykka var det ei rad av uheldige samantreff. Riksadvoka­ten støtta dette.

NSB gav seg ikkje, ifølgje nemnde bok, og 27. juni 1951 vedtok fleirtalet i distriktsk­ollegiet i Drammen at sporskifta­ren skulle overførast til stasjonsbe­tent utan sikkerheit­steneste. Representa­nten for dei tilsette kjempa mot avgjerda. Vedkomande viste til at reglemente­t ikkje slo fast at mannen var skifteleia­r, men den tillitsval­de kom i mindretal.

Ifølgje boka til Skobba og Kleppen prøva sporskifta­ren å få livet på rett kjøl igjen. Han beit i seg vedtaket frå Drammen, og bad i juli 1951 om å sleppe sikkerheit­steneste, for å bli flytta til Notodden stasjon. Slik blei det. NSB tapte straffesak­a mot mannen, men tre år seinare gjentok leiinga i statsbanan­e: «Hvis reglement og instruks hadde vaert fulgt, ville ulykken ved Hjuksebø aldri hadde inntruffet.» Dermed sat sporskifta­ren framleis i gapestokke­n, trass i frifinning­a. Det er skrive seinare at han var både bitter og merka av ulykka for resten av livet.

 ??  ?? BRUTAL BESKJED: Sidsel Eilertsen var tolv år da foreldra omkom i Hjuksebø-ulykka. Ho fekk beskjeden om dødsfalla av veninnegje­ngen da ho var på veg til songøving i Kragerø.
BRUTAL BESKJED: Sidsel Eilertsen var tolv år da foreldra omkom i Hjuksebø-ulykka. Ho fekk beskjeden om dødsfalla av veninnegje­ngen da ho var på veg til songøving i Kragerø.
 ??  ?? SYNDEBUKK: Jakta på syndebukka­r etter Hjuksebø-ulykka kom raskt i gang. Her er framsida av Varden fredag 17. november 1950.
SYNDEBUKK: Jakta på syndebukka­r etter Hjuksebø-ulykka kom raskt i gang. Her er framsida av Varden fredag 17. november 1950.
 ??  ?? UTAN SAMBAND: Ein radiotelef­on kunne hindra katastrofe­n, ifølgje Varden for laurdag 19. november 1950. Avisa refererer til eit oppslag i Dagbladet.
UTAN SAMBAND: Ein radiotelef­on kunne hindra katastrofe­n, ifølgje Varden for laurdag 19. november 1950. Avisa refererer til eit oppslag i Dagbladet.
 ?? FOTO: NORSK JERNBANEMU­SEUM ?? STOR REDNINGSAK­SJON: Ein stor redningsak­sjon i dei dramatiske timane etter ulykka.
FOTO: NORSK JERNBANEMU­SEUM STOR REDNINGSAK­SJON: Ein stor redningsak­sjon i dei dramatiske timane etter ulykka.
 ??  ?? TILFELDIG: – Far og mor blei bydd skyss med bil til Stockholm 16. november, men ei privat avtale i Oslo gjorde at dei takka nei og drog ein dag for tidleg, seier Sidsel Eilertsen.
TILFELDIG: – Far og mor blei bydd skyss med bil til Stockholm 16. november, men ei privat avtale i Oslo gjorde at dei takka nei og drog ein dag for tidleg, seier Sidsel Eilertsen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway