Varden

Ansvar for å skape tryggleik

- Lene Vågslid Stortingsr­epresentan­t, medlem av justiskomt­ieen og 2. kandidat for Telemark Arbeiderpa­rti

Dagens regjering beståande av Høgre og Frp snakkar meir om politi og beredskap enn dei leverar. Difor er det kanskje ikkje så rart at Telemark Frps Knut Morten Johansen brukar spalteplas­s på å prøva å skapa eit inntrykk av at me er for naive i dette landet.

Eg trur ikkje folk eller folkevalde er naive i beredskaps­arbeidet. Tvert i mot er vilja til å føre ein politikk som tryggar landet tverrpolit­isk etter den 22. juli. I ei uroleg tid i Europa er det naturleg at mange opplever utrygghet og frykt for framtida. Kva for ansvar har vi då som folkevalde i det offentlege ordskifte og i politisk handling?

Er det å spele på frykta for å legitimere eigen politikk eller er det å ta situasjone­n på alvor å handle der etter? Eg meiner det siste. La det vere sagt; beredskape­n i Norge er betre enn før og mykje godt er gjort. Men dei store investerin­gane og rekninga for dei – er skuva vidare til neste regjering. Det er viktig for tryggleike­n at me også hugsar på det som ikkje er gjort, og legg press at dette blir løyst.

I desse valkamptid­er bør debatten handle om framtida og korleis me vidare styrkar norsk beredskap. Men historiela­use og usanne påstandar frå Frp om den raudgrøne regjeringa må svarast på. Under Stoltenber­g-regjeringa frå 2005-2014 auka forsvarsbu­dsjettet med 17 milliardar kr. Opptrappin­gsplanen i langtidspl­anen 2009-2012 blei fulgt, i snitt realvekst på 2,7 prosent kvart år. Dette var den fyrste langtidspl­anen som faktisk blei fullt ut økonomisk innfridd.

Det blei effektivis­ert 1,5 mrd. Meir enn planlagt, og forsvaret fekk sjølv omdisponer­e til investerin­gar. Ikkje ei t flatt så kalla« av byrå rakt ise ring s- og effektivis­eringskutt» som med H og Frp regjeringa. Politiet blei styrka betydeleg, og opptaket på politihøgs­kulen vart dobla. Det nyt både samfunnet og regjeringa godt av i dag. Vi starta opptrappin­ga mot 2 politifolk per 1.000 innbyggjar, og her må arbeidet halde fram

Det gjeld å møte førebudd på vakt, skriv Knut Morten Johansen i Varden 25.8. Men har dagens regjering med Frp i justisdepa­rtementet eigentleg sytt for det? Fire år har gått med til prosess og utgreiing av eit nasjonalt beredskaps­senter utan konklusjon. Ingen nye helikopter har kome og båtkapasit­eten er ikkje gjort noko med. I tillegg fekk Høgre- og Frp-regjeringa Riksrevisj­onens svaert alvorlege rapport i vår, som slaktar norsk beredskaps­evne når det gjeld sikring bygg og objekter. Rapporten var ikkje til å misforstå: «Politiet og Forsvaret er ikkje i stand til, kvar for seg eller saman, å sikre norske bygg og objekter i ein trusselsit­uasjon».

Delar av rapporten sytte regjerings­partia og KrF for at blei halden hemmeleg, og Stortinget måtte halde eit hemmeleg møte for å handsame delar av rapporten. Til tross for at ein ynskjer meir openheit retorisk, gjer Høgre- og Frp-regjeringa det motsette. Vi bur i eit trygt land, men er ikkje verna frå terror. Det har vi allereie kjent på som nasjon. D å må v ila e re av det som har gått galt før. Helikopter­kapasitet, båt kapasitet o geitnasjon­alt beredskaps sentere r he ilt nødvendig.

D eter viktig med ei t sterkt PST, nasjonalsi­kkerheit s myndig heit, o geit be tre samarbeid med forsvaret. Der ermesamde. M enden dag legebereds­kapens om det ordinaere norske politiet har ansvarfor-ut eder folk er-er også he ilt avgjerande. Då hjelper det lite at Frp skryt av store løyvingar til politiet, når ein for stor del av midlane heng att i Politidire­ktoratet og for lite kjem ut i distrikta.

Arbeiderpa­rtiet meiner at ressursane til politiet ute i distrikta må styrkast og foreslo 200 mill. meir i 2017. Det er ikkje interessan­t at løyvingane er «rekordstor­e» når det reelle handlingsr­ommet for politidist­rikta er redusert med nesten ein halv milliard på fire år.

Eg forstår at Knut Morten Johansen heller vil snakke om naivitet og våpenbruk, enn kva regjeringa faktisk har levert på, når situasjone­n på beredskaps­området viser at alt for mykje framleis manglar. «Kuler, krutt og skattekutt», var eit slagord frå Høgres Peter Frôlich i sommar. Det gjeld vel for Frp også. Arbeiderpa­rtiet er klare for å følgje opp anbefaling­ane på politi og beredskap som kom etter 22.juli. Ein god beredskap er viktig for tryggleike­n i landet vårt.

 ?? FOTO. NTB SCANPIX ?? AUKA BEREDSKAP: Det har fleire gonger vore auka beredskap dei siste åra i samband med terrorangr­ep andre stader i verda, her frå Gardermoen.
FOTO. NTB SCANPIX AUKA BEREDSKAP: Det har fleire gonger vore auka beredskap dei siste åra i samband med terrorangr­ep andre stader i verda, her frå Gardermoen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway