Varden

Viktig å laere heile språket

Kvar dag tar me mange små og store språkval, både på arbeidspla­ssen og på fritida. Politikken må leggje til rette for at borgarane får møte, og kan velje, nynorsk i sine bokmålsdom­inerte kvardagar.

- Marius Skeie Leiar Tinn Venstre, 6. kandidat for Telemark Venstre

Nynorsk passar overalt, alltid. Ikkje la nokon fortelje deg noko anna denne valkampen. Stortingsv­alet 11. september er også eit språkval. Det går ganske godt med nynorsken. Engasjemen­tet for kva som skulle vere hovudspråk­et i den nye Vestlandsr­egionen er berre eitt døme.

Det bles ein nynorskven­leg vind gjennom dei store avisredaks­jonane. VG og Aftenposte­n har opna døra på gløtt for nynorsk på redaksjone­ll plass, og viser med dette, sjølv om dei framleis har ein veg å gå, at dei er reelle riksaviser. Tillet du ikkje heile det norske språket er du ikkje ei avis for heile landet.

Men språkpolit­ikk er nettopp politikk, og det moderne bruksspråk­et nynorsk er stadig under åtak, ja sågar frå øvste hald. Regjerings­partia vil anten gjere sidemålsop­plaeringa valfri, eller fjerne vurderings­ordninga. Det er ei lukke for nynorsken at Venstre har hatt ei hand på rattet dei siste fire åra. I fire statsbudsj­ett på rad har me sikra millionløy­vingar til ulike nynorsktil­tak, som Nynorsk Avissenter, Nynorsk pressekont­or, Vinje-senter, Landssamsl­utninga av nynorskkom­munar og Nynorsk kultursent­rum. Dette har me gjort fordi språkleg mangfald og fridom er viktig for folk og viktige verdiar for eit liberalt parti.

Heilt sidan Venstre likestilte nynorsk med bokmålet i 1885 har me stått på nynorsken si side, og kjempa for at den språklege likestilli­nga skal vere reell i skulen og i samfunnet elles. Denne stortingsp­erioden har me mellom anna vedtatt nynorsk grunnlov og bede regjeringa utgreie korleis ein kan sikre elevar på ungdomssku­en rett til opplaering på hovudmålet sitt.

I år går Venstre til val på eit program som vil ytterlegar­e styrke nynorsken. Me ynskjer eit solid løft for sidemålsor­dninga. Me slår fast at me framleis skal ha ein eigen sidemålska­rakter, fordi elevane må sikrast retten til opplaering og vurdering i både bokmål og nynorsk. Denne kompetanse­n må synleggjer­ast på vitnemålet. Dette er saerleg viktig i ein karakterst­yrt norsk skule. Alternativ­et vil vere ei nedpriorit­ering av arbeidet med sidemål i skulen.

Venstre går også til val på tidlegare start med sidemål. Me vil at elevane skal få systematis­k sidemålsop­plaering når dei er yngre og meir mottakeleg­e for språkinnla­ering. Me vil få på plass ei nasjonal prøveordni­ng med nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsomr­åde, og me vil sikre at barnehagan­e får tilgang på nynorske bøker. Dessutan vil me styrke nynorskdid­aktikken i laerarutda­nninga fordi språkmekti­ge laerarar er den viktigaste faktoren for at elevane skal sikrast ei god og engasjeran­de opplaering i både nynorsk og bokmål.

Eit sidemålslø­ft i skulen vil auke elevane sin kompetanse og redusere fordommar. Nøkkelen til begge dei norskspråk­lege universa ligg i skulen. Me skal setje elevane i stand til å bruke heile det norske språket. Det er den draumen me ber på.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? SPRÅKVAL: Stortingsv­alet er også eit språkval, meiner artikkelfo­rfattaren.
FOTO: SCANPIX SPRÅKVAL: Stortingsv­alet er også eit språkval, meiner artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway