Varden

Det er ikkje tida for eksperimen­t

- Solveig Sundbø Abrahamsen Stortingsr­epr. Telemark Høgre

Det naermar seg valdagen, og stemma di kan gjere ein forskjell. Norge står framfor eit viktig vegval.

Skal me fortsette med ein politikk som verkar eller skal me utsette landet for eit eksperimen­t der MDG, SV, Rødt og Senterpart­iet får ein sterk påverknad på kursen vidare.

Når du står i vallokalet håpar eg du tenker på at Norge er på rett veg. Optimismen er tilbake. Ledigheten går ned og veksten i økonomien er på veg opp. Det me treng er ein regjering med Høgre og Erna ved roret som har ein politikk for å skape fleire jobbar. Det er ikkje politikara­ne som skaper jobbane. Det er menn og kvinner over heile landet med pågangsmot og idear som gjer. Men politikken som blir ført påverkar bedriftene sin moglegheit­er til å satse. Og når bedriftene satsar utviklar ein nye idear og det skapas fleire jobbar. Det siste bedriftene treng er milliardar i skatteauke slik Ap Sp, Sv, MDG og Rødt går til val på.

Mange av dykk har barn eller barnebarn i skulen. Etter snart fire år med Høgre sin kunnskapsp­olitikk, ser me at pilene peker rett veg. Elevane laerer meir, er meir tilstade og fleire gjennomfør­er. Men me er ikkje i mål. Derfor vil Høgre ha ein stor satsing på tidleg innsats. Norske elevar trenger ikkje ein ny regjering med venstrepar­ti som vil svekke kunnskapsn­ivået i norsk skule. Dei aller fleste av oss treng eine eller fleire gonger i livet helsehjelp. Høgre meiner du skal vere sikra rask og god hjelp når du treng det. 70.000 faerre menneske står i helsekø enn då me tok over. Ventetida er redusera med to veker i snitt. Det betyr mindre usikkerhei­t for tusenvis av menneske. For Høgre er det viktig at helsetenes­ta skal vera til for pasienten, og ikkje omvendt. Du skal bli sett og lytta til. Dette er ikkje tida for nye eksperimen­t i norsk politikk. Me må fortsette med det som verkar. Stem Høgre !

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway