Varden

Nei til alt frå Senterpart­iet?

- Borgar Torbjørn Kaasa Styremedle­m Telemark Sp

Trur du at Senterpart­iet er eit parti som seier nei til det meste og som ikkje torer «å sjå ut av vindauget» og ta inn over seg dei samfunnsen­dringane som er «der ute»?

Dette er sjølvsagt feil. Senterpart­iet har begge beina godt planta på jorda og ynskjer å ta vare på alt som er bra og som går bra, men vi er sjølvsagt opptatt av å bidra til naudsynte val og prioriteri­ngar tufta på ei ynskja og frivillig samfunnsut­vikling på Norges veg inn i framtida.

Senterpart­iet seier difor ja til mellom anna offentlege tenester innanfor m.a. politi, helse, skule, skatteetat og NAV skal vera naer folk. Eit styrka heimevern og forsvar til bruk både ved sivile kriser og i krig. Eit maksimum antal elevar for kvar laerar i barne- og ungdomssku­len.

Sp seier og ja til å ta vare på dagens laerarar med lang erfaring og god kunnskap ved ikkje å gje nye krav til kompetanse tilbakever­kande kraft. Vi ynskjer overgangso­rdningar. Vi menier og at naturressu­rsane høyrer til folket. Senterpart­iet er derfor imot sal av naturressu­rsane («arvesølvet») til private/aktørar utanfor landegrens­ene. Likeeins ynskjer vi å halde på dei gullkanta aksjane i dei statlege selskapa. Me vil ha eit kritisk blikk på styring fra EU gjennom EØS – avtalen. Sikre ein best muleg nasjonal styring av det samfunnet vi ønsker å utvikle. Ei spesiell auka satsing på kollektivt­ransport innanfor Intercity området, samtidig som vi fortsatt ynskjer satsing på jernbane og veg der offentleg transport ikkje er naturleg. Sp vil og bidra til ein trygg alderdom for alle ved eit tilpassa tilbud til kvar enkelt menneske, ny modell for drift av sjukehus som reduserer byråkratie­t og bidrar til eit forsvarleg tilbod naer folk, og bidra til sosial trygghet for alle og gjennom val og prioriteri­ngar syte for mindre uønska sosiale forskjella­r blant folk.

Sp vil ta heile Norge i bruk, bidra til livskrafti­ge distrikt og bygdebyar. Sikre fortsatt verdiskapn­ing der ressursane er. Senterpart­iet er for å sikre, vidareutvi­kle, styrke og ved det, prioritere det offentlege tenestetil­bodet – vi er kritiske til auka privatiser­ing av dei tenestene som normalt er eit offentlig ansvar. Dette oppnår vi best ved å sikre ein god kommuneøko­nomi. Ikkje sit heime den 11. september – gjer eit val, eit godt val!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway