Varden

Jubilerer med nytt årsskrift

Tokke historiela­g går inn i sitt førtiande år, og markerer det med eit fyldig årsskrift.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det blei lansert nyleg i biblioteke­t på Dalen.

– Laget har ei viktig oppgåve med å ta vare på dei lange linene og på røynsle som me kan bruke for å leve godt i vår del av Telemark, skriv styreleiar Gunnar Grøstad Johnson i føreordet til årsskrifte­t.

Laget har gjeve ut ei slik bok nesten kvart år sidan det vart stifta av Olav Grimdalen i1978.

Innspel i Varden

Fyrste artikkelen er om Torbjørg Ripilen i Mo, som døydde i 1892. Ho var ein av informanta­ne til Molkte Moe

For snaue to år sidan skreiv Erling Furunes i Varden og Vest-Telemark Blad om at minnesmerk­et etter henne var i dårleg stand. Det innspelet tok styret i Mo grendelag på alvor og restaurert­e steinen. Den vart reist opp att i april i fjor. I artikkelen gjev historiela­get ros til grendelage­t for innsatsen.

Minnestein­en vart avduka 19. august 1956 under ein seremoni med sokneprest Bjarne Nenseter og kunstnaren Henrik Sørensen.

Løypemøtet på Ofte

Årsskrifte­t inneheld elles fleire artiklar om løypemøtet på Ofte i 1866. Torgrim Otterholt og Arne T. Aabø skriv om dette. Gunnar Grøstad Johnson fortel om Olavsarven i Telemark, Halfdan Johre om taubanen på Vistadheii og Birger Bastiansen om krigsåra. Torild Andreassen skriv om bergverksh­istorie frå Lårdal, for å nemne nokre av innslaga i årsskrifte­t som elles er pryda med fleire gamle bilete.

 ?? FOTO: O.O. ROGNDAL ?? EIDSBORG: Fleire gamle foto i årsskrifte­t - her utsyn frå Haugebu mot Lofthus i Eidsborg.
FOTO: O.O. ROGNDAL EIDSBORG: Fleire gamle foto i årsskrifte­t - her utsyn frå Haugebu mot Lofthus i Eidsborg.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STYRELEIAR: Gunnar Grøstad Johnson er styreleiar i Tokke Historiela­g.
FOTO: HALVOR ULVENES STYRELEIAR: Gunnar Grøstad Johnson er styreleiar i Tokke Historiela­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway